Fagarbeidar/assistent - vikariat
Oppvekst, Gloppen kommune
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi treng nye medarbeidarar i barnehagane og grunnskulane for skuleåret 2025/26.
På Gloppen ungdomsskule har vi ledig stilling for fagarbeidar/assistent ut skuleåret 25/26.
Vi har og ledig stilling ut året 25/26 for deg som kan og vil vere vikar i både barnehage og skule. Du må vere innstilt på å ville jobbe på ulike arbeidstader.
Vi vil tilsetje fortløpande når aktuelle søkjarar har meldt seg. Vi ynskjer å kome i kontakt med deg som har høve til å starte snarast og som kan jobbe i ulike stillingsstorleikar eller som kan vere tilkallingsvikar i både barnehage og skule. Søk på stillinga og så kan du og ta direkte kontakt med aktuelle kommunale barnehagar og skular.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver i barnehage
- Arbeid på avdeling
Hovudoppgåver i skulen
- Arbeid på skulefritidsordning (SFO)
- Arbeid med enkeltelevar eller i grupper
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter fagarbeidar, andre utdanningar, erfaringar og bakgrunnar kan bli vurdert på lik linje med fagarbeidar.
- Praksis frå arbeid med barn og unge.
- Søkjar må vere stødig i norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Positiv innstilling til arbeid med barn med ulike hjelpebehov.
- Evne til å bidra til gode relasjonar med barn/unge og kollegane.
- Kunne stå i utfordrande situasjonar.
- Fleksibilitet og engasjement.
- Vilje og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
- Arbeidsplass med fokus på fag og utvikling.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.
For tilsetjing gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5071602221
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448488141
- Sist endret


