Lærlingar i elektrikarfaget
Tussa
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Lærling
Tussa Installasjon er ein elektroentreprenør som leverer tenester innan alle elektrotekniske område. Tussa Installasjon AS har kontor i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn.
Tussa Installasjon har ei lang historie som ein påliteleg leverandør av installasjonstenester i regionen. Men det er ikkje berre historia som gjer Tussa Installasjon til ein spennande stad å starte eller vidareutvikle deg innanfor elektrofaget.
Tussa sin visjon er å ha kraft til å levere framtidsretta og miljøvennlege løysingar. I dette ligg det at vi er i stadig utvikling. Vi søkjer nye produktområde, nye marknader og nye kundar.
Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=w9kOXz-XuKc2LUdVLærling i elektrikarfagetTussa Installasjon er i dag ei av dei største lærlingebedriftene i fylket på elektro. Vi har om lag 20 lærlingar til ei kvar tid, fordelt på dei ulike avdelingane.
Lærlingane våre vert sett saman med erfarne, dyktige montørar i bedrifta, med ein trygg og variert arbeidskvardag. I tillegg vert dei fylt opp av både lærlingansvarleg og faglege leiarar ved dei forskjellige avdelingane. Vi er kjent for å ha eitt godt arbeids- og lærlingsmiljø.
Lærlingar er den viktigaste kjelda vår til rekruttering av dyktige fagarbeidarar, og det er gode moglegheiter for å få jobb vidare etter endt læretid. Dette er eit viktig satsingsområde for Tussa Installasjon.
Vi tek inn nye lærlingar hausten 2026. Vi oppmodar både kvinner og menn om å søkje på stillinga.
Om søknaden
Sidan vi søkjer lærlingar på alle dei fire avdelingane våre er det fint om du i søknaden gjer greie for kva for ei avdeling du søkjer til.
Sjå filmane om Stine
Stine deler korleis det er å vere lærling i elektrofag i Tussa Installasjon.
Video: https://youtu.be/wyuS6TkjG0I?si=nMqL46aRk7JgQM0QAnnonseinformasjon
- FINN-kode 448399977
- Sist endret


