
Selger innebutikk
Optimera AS
- Frist 18.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Seljar innebutikk – Montér Førde
Vil du jobbe i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, kundekontakt og struktur er like viktig som tempo og sal?
Hos Montér Førde får du god opplæring, trygge rammer og kollegaer som støttar kvarandre i kvardagen. No søkjer vi ein ny seljar til innebutikken.
Montér Førde er ein del av Optimera AS – Noregs leiande byggevarekjede. Vi leverer fagkunnskap, gode løysingar og personleg service til både proffkundar og privatkundar. Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team med høg trivsel og stoltheit for faget.
Vi ser etter deg som
Likar kundekontakt og samarbeid, og møter både kundar og kollegaer med positiv energi. Du arbeider strukturert og ryddig, trivst med varierte arbeidsdagar, og tek naturleg ansvar i kvardagen. Samtidig har du lyst til å lære og utvikle deg, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Erfaring frå sal eller butikk er ein fordel, men ikkje eit krav – vi sørgjer for grundig opplæring slik at du blir trygg i rolla.
Dine hovudoppgåver
Sal og kunderettleiing i innebutikk
Ansvar for vareområde som maling, verktøy, festemiddel og arbeidsklede
Vareplassering, varepåfylling og sortimentsvedlikehald
Kassearbeid og ordrehandtering
Planlegging og gjennomføring av kampanjar
Bidra til eit trygt, ryddig og effektivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Ei variert rolle i eit solid og framtidsretta konsern
Grundig opplæring gjennom Optimera Akademiet
Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
Forutsigbar turnus og trygge rammer
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Personalkjøpsordningar og aksjeprogram
Moglegheit for vidare utvikling i konsernet
Arbeidstid
Du blir del av eit team på seks seljarar i innebutikk.
Turnus innanfor opningstidene:
Måndag–fredag: 07.00–17.00
Laurdag: 09.00–16.00
OPP – våre kjerneverdiar:
Vi er Offensive – vi ser framover og finn løysingar.
Vi er Profesjonelle – vi held det vi lovar.
Vi er Personlege – vi forstår menneska og byggjer relasjonar.
Høyrest dette ut som noko for deg?
Send inn CV og kort søknad. Søknader blir behandla fortløpande.
Kontaktperson
Ørjan Andre Nautnes
Dagleg leiar – Montér Førde
Tlf: 469 12 740
E-post: orjan.andre.nautnes@monter.no
Bakgrunnssjekk
Som en del av vår rekrutteringsprosess benytter vi bakgrunnssjekk via Semac for aktuelle kandidater.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Sanderplassen 7, 6813 Førde
- Bransje: Butikk og varehandel, Bygg og anlegg, Trevareindustri
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt, Kundeservice, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kundereise bygg, Butikk og Varehandel, Kundeveiledning, Salg, Retail
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448376546
- Sist endret


