Ferievikar ved legekontoret
Aurland kommune
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Me søker etter ein engasjert og serviceinnstilt ferievikar i perioden 01.06.2026 – 30.09.2026.
Legekontoret har i dag tre fast tilsette legar i alternativ arbeidstidsordning, LIS1-lege og kommuneoverlege. Kommuneoverlegen er spesialist i samfunnsmedisin. Me er eit godt samansett og triveleg fagmiljø med helsesekretærar, fagarbeidar og sjukepleiar.
Me er lokalisert i Fjordsenteret, som ligg fint til ved Aurlandsfjorden.
Som ferievikar hjå oss vil du ta del i den daglege drifta av legekontoret, og bidra til gode pasientforløp.
👉 Skriv i søknaden når du kan jobbe.
Me ser fram til å høyre frå deg! Ring oss gjerne før du sender søknad.
Arbeids- og ansvarsområde
Ferievikar som hjelpepersonell ved legekontoret, med desse hovudoppgåvene:
- ekspedisjons- og resepsjonsarbeid
- pasientkontakt, både direkte og på telefon
- timebestilling og administrative oppgåver
- laboratoriearbeid og prøvetaking
- samarbeid og assistering med legar og anna helsepersonell
Arbeidsoppgåver kan tilpassast kompetanse og erfaring.
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø med erfarne og støttande kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
- god opplæring og rettleiing
- studentar under høgskuleutdanning får løn tilsvarande fagarbeidarstilling dersom utdanninga er relevant for stillinga
- 6 år tilleggsansiennitet for fagbrev og høgskuleutdanning
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonarMe vil at du har:
- utdanning eller erfaring som sjukepleiar, sjukepleiar-student, medisinar-student, helsesekretær, helsefag
- gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- gjerne kjennskap til journalsystemet Infodoc
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- er serviceinnstilt, strukturert og påliteleg
- kan samarbeide, og kommunisere godt, med pasientar og kollegaer
- har godt humør og er positiv
- tek nye utfordringar
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
- me vil prøve å imøtekome ynskje om arbeidstid så langt det let seg gjere
- det blir stilt krav om ny politiattest jamfør helsepersonellova, før du kan byrje som ferievikar
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Sommarjobb i vest 2026: #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448354950
- Sist endret