Eg utvidar BPA-teamet mitt - er du vårt nye tilskot?
Uloba - Independent Living Norge Sa
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Jente midt i 20-åra søker triveleg, roleg og omgjengeleg assistent til mitt BPA-team.
Ein funksjonsnedsetnad gjere at eg trenger assistanse til det aller meste døgnet rundt. Alt frå mine basale behov til å kommunisere, forflytte meg, dagelege gjeremål og husarbeid, samt fylle mine sosiale behov. Eg trenger assistanse til å leve så fritt og sjølvstendig som eg sjølv ynsker. Eg kan gå så lenge eg har ei trygg hand å halde i og krev ingen tunge løft.
Eg er ei engasjert og blid jente med ein viljestyrke utan grenser, som vel å sjå mogelegheiter framfor begrensinger. Eg har interesse for interiør, trening, reise, skjønnheit og velvære. Eg er veldig glad i å vere fysisk aktiv og vil aktivt delta på alle område, samstundes som eg har eit stort behov for kvile, restitusjon og ro då eg vert fort sliten.
Som mine personlege assistentar vil de komme veldig tett på meg. Difor er det fint om vi deler nokre interesser og har samme verdier. Det vil og vere viktig med positiv og kreativ tilnærming til små og store utfordringer i kvardagen.
Det vil bli utarbeidt ein arbeidsplan for kvart tertial. Arbeidstid vil vere dag, natt og helg, samt helgedager. Det vil vere mogelegheit for ekstra arbeid ved tilkalling og ferie. Det vil for det meste vere slik at du jobber 1:1. Arbeidsstad vil hovudsakleg vere i min bustad og mitt nærmiljø. Det kan og vere aktuelt å vere med på reiser, treningsopphald og ferier i innland og utland. Arbeidsdagane kan vere rutineprega og varierte alt etter behov, alt frå rolege dager til å farte rundt omkring.
Stillingskrav:
-
Plettfri vandel (politiattest krevst ved tilsetting)
-
Gode norsk kunnskaper, både munnleg og skrifteleg
-
Førerkort klasse B
-
Praktisk anlagt
Ynska eigenskaper:
-
Påliteleg og samarbeidsvillig
-
Positiv og engasjert
-
Fleksibel og løysningsorientert
-
Tolmodig og forståelsesfull
-
Ryddig og strukturert
Formell utdanning er ingen føresetnad. Erfaring med liknande arbeid vert sett på som positivt, men ikkje eit krav. Det aller viktigaste er at vi vert godt kjent med kvarandre, trivst saman og vert eit godt team. Difor føretrekker eg søkarar som er innstilt på eit langvarig arbeidsforhold då dette tek tid, samstundes som eg er avhengig av trygge og gode rutiner for å fungere.
Vi vil sørge for god opplæring, ein jobb med mennesket i fokus, eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø, samt ryddige og gode arbeidsvilkår etter tariffavtale med Fagforbundet. De vil ha Uloba AS som formell arbeidsgjevar, men det er eg som vil vere fungerande arbeidsleiar for mine assistentar. Per mai 2025 er minimum timeløn 225,40 kroner + tillegg for natt og helg, samt helgedagstillegg. Ein får som regel ikkje med ansiennitet frå tidlegare arbeid (med unntak for arbeid under samme stillingstittel eller etter fylte 50 år), men i gjenngjeld opparbeider ein effektivt og raskt ansiennitet i Uloba AS, samt i tillegg til ein særs god pensjonsordning. Sjå gjerne uloba.no for meir informasjon.
Om arbeidsgjevaren
Uloba - ein ideell organisasjon og ein del av Independent Liviving-røyrsla. 1500 medlem - alle med erfaring som funksjonshemma. Vi arbeider for full likestilling, samfunnsdeltaking og livsutfolding for funksjonshemma. Målet er likeverdige og verdiskapande samfunnsborgarar.
Vår visjon; ei verd der funksjonshemma har fridom til livsutfolding og deltek på alle arenaer i samfunnet. Gjennom vår politikk, vårt arbeid og vår visjon skal vi;
-
Endre oppfatninga til samfunnet av funksjonshemma, og samstundes endre oppfatninga til funksjonshemma av seg sjølv
-
Arbeide aktivt for full likestilling, samfunnsdeltaking og livsutfolding for funksjonshemma
-
Aktivt bekjempe diskriminering, umyndiggjering og istitusjonalisering av funksjonshemma
Vi legger til rette for Brukarstyrt Personleg Assistanse (BPA) - eit frigjeringsverktøy for funksjonshemma med assistanse behov. Våre verdiar: Stolt, Sterk og Synleg!
Er dette av interesse, kan spørsmål om stillinga, søknad og CV med referansar sendast til andrinenv@outlook.com. Søknader og intervju vert behandla fortløpande. Vi gleder oss til å høyre frå Dykk!
Om arbeidsleder
Engasjert og blid jente midt i 20-årene, som vel å sjå moglegheiter framfor begrensinger.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448354157
- Sist endret

