Skipsfører i sommerrute og ressursgruppe i 2:4-turnus!
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 12.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Dersom du ønskjer ein jobb der ingen dagar er heilt like, og der du får både
utfordringar og utviklingsmoglegheiter, er dette stillinga for deg.
I stillinga som skipsfører vil du vere ein del av vår ressursgruppe, med fast omdisponering til sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd, p.t. MF Lifjord fra ca. mai til og med september.
Utanfor sommarsesongen vil du vere ein del av ressursgruppa i Vestland og bidra
til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og
reservefartøy som MF Lifjord, MF Solskjel og MF Sogn. I denne rolla vil du vere utsjekka på fleire fartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert,
med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig
og trygg i rolla som skipsførar.
Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og fire veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 98-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
Kvalifikasjonar
- D3-sertifikat.
- ROC/GMDSS-sertifikat.
- Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseattest.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi søker en ansvarsbevisst og løsningsorientert skipsfører med god dømmekraft. Du er en trygg leder, trives med samarbeid, og tar selvstendige beslutninger som sikrer både mannskap og passasjerer.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Skiftordning: 2 veke på og 4 veker av.
- Ein bur om bord når ein er på vakt.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: Firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
Kontaktinformasjon
Marius Benserud, Operativ Leiar, 45454673, marius.benserud@fjord1.noArbeidsstad
Kvalvågnesvegen 6815956 Hundvin
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5070199097
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448353228
- Sist endret


