Apotektekniker
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 11.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst til å bli ein del av eit spennande fagmiljø i sjukehusapoteket?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Fonna, og er eit stort apotek med omlag 40 tilsette. Sjukehusapoteket har fem operative avdelingar: Produksjonsavdeling, publikumsapotek, sjukehusekspedisjon, avdeling for farmasøytiske tenester og eit regionalt pakkeanlegg for eindose.
Avdelingane ved sjukehusapoteket samarbeider tett og har eit godt og spennande fagmiljø. Å jobbe som apotektekniker hjå Sjukehusapoteka er fagleg utfordrande, og vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og gode kollegaer.
Vi forventar ikkje at du har erfaring med oppgåvene frå før, men at du har pågongsmot og interesse for å lære. Vår nye medarbeidar må førebu seg på at stillinga kan bli delt mellom fleire av våre avdelingar, basert på kompetanse, tidlegare erfaring og ei heilskapleg vurdering av behovet i apoteket.
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver kjem an på avdelingane ein jobber i, til dømes:
- produksjon av cytostatika og andre tilsetningsprodukt i produksjonsavdeling
- produksjon av eindosar i anlegget for eindose
- reinhald av produksjonsrom og utstyr i produksjonsavdelinga og i eindoseavdelinga
- ordre- og kundehandtering i avdeling for sjukehusekspedisjon
- resept- og ordrehandtering og kunderådgjevning i publikumsavdelinga
- bruk av digitale/teknologiske verktøy i arbeidskvardagen
- å delta i beredskapsvaktordning kan bli aktuelt
Andre oppgåver kan også tilfalle stillinga ved behov.
Kvalifikasjonar
- Du har autorisasjon som apotekteknikar.
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna.
- Du som har anna relevant helsefagleg utdanningsbakgrunn eller ønskjer å jobbe med desse arbeidsoppgåvene, er også velkommen til å søke.
- Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du har gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Du ynskjer å bidra til gode tenester for sjukehusa og er trygg på faget ditt.
- Du trivs godt i lag med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er fleksibel, nøyaktig og er oppteken av kvalitet i arbeidet.
- Du kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar.
- Du trivst med nye arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag.
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.
- Fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppåver og kompetansebygging.
- Eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor.
- Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Bestillingssystem
- Bruke verktøy
- Helsevitenskap
- Produksjon av farmasøytiske preparater
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Farmasi og legemiddel, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Apotektekniker, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Apotektekniker, Apotek, Sykehusapotek, Sykehus, Tekniker
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448345164
- Sist endret