Sosialpedagogisk rådgjevar
Vestre Slidre kommune
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Frå 4. mai 2026 og ut skuleåret 2026/2027 har Vestre Slidre skule ledig vikariat som sosialpedagogisk rådgjevar.
Vestre Slidre skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med omlag 180 elevar. Skulen ligg sentralt til i tettstaden Slidre. Her har vi god plass til variert aktivitet og læring både inne og ute. Vi har eit flott uteområde med mellom anna ballbinge, BMX-park, turnstativ, grillhytte og aktivitetsparken Tarzanjungelen.
Vår visjon er "Vestre Slidre skule - ein skule for alle, med blikk for den enkelte." Våre elevar skal føle seg verdifulle og verdsette for den dei er. Elevane skal møtast med respekt, omsorg og tillit. Våre elevar skal oppleve meistring gjennom å bli møtt med krav og forventningar ut frå eigen ståstad.
Sentrale pedagogiske satsingsområder er inkluderande skulemiljø, samt skriving og rekning i fag.
Vestre Slidre skule ynskjer tilsette som bidreg til inkluderande og motiverande opplæring. Ved Vestre Slidre skule er vi opptekne av det profesjonsfaglege fellesskapet og ynskjer tilsette som saman vil vera med å utvikle skulen.
Vi har ledig 80 % vikariat som sosialpedagogisk rådgjevar frå 4. mai 2026 og ut skuleåret 2026/2027. Det kan også bli aktuelt å kombinere dette vikariatet med 20 % vikariat som ungdomsarbeider.
Arbeidsoppgåver
- Veilede elevar individuelt og i grupper
- Bistå og gje råd til dei tilsette
- Delta i aktuelle samarbeidsmøter og ha kontakt med føresette
- Følgje opp skulemiljøet og aktivitetsplanar
- Administrative oppgåver som t.d. referat og dokumentasjon
- Undervisningsopplegg i samarbeid med helsesjukepleiar og barne- og ungdomslos
- Jobbe heilheitleg i samarbeid med ressursteamet, tilsette på skulen og eksterne samarbeidspartnarar
- Vera kontaktperson for elevrådet
Kvalifikasjonar
- Utdanna vernepleier, sosionom eller barnevernspedagog
- Ynskjeleg med erfaring frå undervisning, sosialpedagogisk eller spesialpedagogisk arbeid
- Kompetanse og kunnskap om sosioemosjonelle vanskar hos barn og ungdom, og korleis skape trygt og godt læringsmiljø
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 17-11
Vitnemål og attestar må følgje søknaden
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til å etablere relasjonar og samarbeide både med elevar, føresette og kollegaer
- Du har god systemforståing og er løysingsorientert
- Du arbeider systematisk og målretta
- Du er fleksibel, positiv, robust og tydelig
Det at ein er personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ei flott elevgruppe
- Godt arbeidsmiljø
- Gode, kompetente kollegaer
- Ein utviklingsorientert skule
- God pensjonsordning i SPK/KLP
- Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Janne Opheim, Rektor, +47 97602202Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5070332598
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 04.05.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448343355
- Sist endret