Helgestillingar
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kollega på helg? Vi har ledig to faste helgestillingar i avdeling 1 (Åsavegen) .
Vi ser etter deg som har utdanning innan helse- og omsorgsfag eller er utan helsefagleg bakgrunn men har erfaring frå arbeid med brukarar med psykisk liding, utviklingsforstyrringar eller utviklingshemming. Vi ynskjer også at du søker dersom du tenkjer at dette kan vere stillinga for deg, sjølv utan formell kompetanse.
Miljøarbeidertenesta i Gloppen yter i dag tenester til omlag 65 brukarar med mellom anna utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har 75 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman med overordna mål om å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov.
Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få
opplæring og høve til å bidra i miljøarbeidet. Hjelp til daglege og praktiske gjeremål vert gitt i brukarane sin heim. Arbeidskvardag er variert med miljøarbeid, helseoppfølging og bistand til daglege praktiske gjeremål i kvardagen som å handle, matlaging, vask av klede og bustad. Vi bistår også med hjelp til hygiene og eigenomsorg. Vi legg til rette for aktivitet som kan gjere kvardagen meiningsfull for den enkelte.
Arbeidet er organisert med langvakter (12,5-14t) kvar fjerde helg, fredag, laurdag og søndag.
Vi har til ei kvar tid også behov for dyktige ekstravakter som kan ta på seg arbeid ved behov ut over dette, dersom det er ynskjeleg for deg.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål!
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er varierte og består mellom anna av:
- Oppfølging av tenestemottakarar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
- Utøve miljøarbeid og følge opp planar med støtte frå kjend personale
- Tiltak etter kapittel 9 i Helse- og omsorgstenestelova
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har erfaring frå målgruppa, du kan ha helse/sosialfagleg utdanning
eller
deg som tenkjer at dette kan vere stillinga for deg, sjølv utan spesifikk erfaring eller formell kompetanse
- Førarkort kl. B er ynskjeleg
- Du må vere over 18 år
- Du må kunne snakke og skrive godt norsk
- Kunne nytte journal- og fagsystem
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad.
Vi søker deg som
- Er ein god teamarbeidar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har godt humør, omsorgsevne og er god til å skape relasjonar
- Er ein ansvarsbevisst og trygg vaksen
Vi tilbyr
- Opplæring og rettleiing på arbeidsstaden og via kurs som sikrer at du har den kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine.
- Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for utvikling fagleg og personleg.
- Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, 478 75 932, elise.fjelle@gloppen.kommune.noKristine Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no
Arbeidsstad
Grandavegen6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5065953463
Stillingsprosent: 29%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448337706
- Sist endret