Miljøterapeut - nattevaktstilling
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kollega på natt? Vi har ledig 80 % stilling på natt i Miljøarbeidertenesta, avdeling 1 (Åsavegen, Furubu og Solsikka).
Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til omlag 65 brukarar med mellom anna utviklingshemming, nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Vi har ca. 75 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet. Overordna mål er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Dette stiller krav til relasjonskompetanse, eignaheit og individuelt tilpassa tenesteyting i tråd med lovverk, nasjonale og lokale føringar.
Som tilsett hjå oss på natt skal du bidra til at bebuarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Du vil arbeide brukarnært, følge observasjonar og tiltak saman med to andre kollegaer på natt. Turnusen er organisert som årsturnus, med arbeid kvar tredje helg. Ein må påregne å stille på personalmøter, fagmøter etc inntil seks gangar i løp av turnusåret.
Har du spørsmål til stillinga eller turnus? Ikkje nøl med å ta kontakt.
Tiltreding 01.04.25 eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
- Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle behov
- Helseoppfølging
- Observasjonar og dokumentasjon
- Tiltak etter kapittel 9 helse- og omsorgstenestelova
Kvalifikasjonar
- 3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
Dersom det ikkje melder seg eigna søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt å tilsette helsefagarbeidar.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ynskjeleg med erfaring innan målgruppa
- Gode IKT-kunnskapar
- Personleg eignaheit til arbeidet vil bli veklagt i stor grad
Vi søker etter deg som
- Kan arbeide strukturert og planmessig
- Skapar gode relasjonar til dei rundt deg og opptrer med tolmod og respekt
- Som er ein pådrivar for å skape ei god teneste, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Er ansvarsbevisst og trygg i rolla
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Engasjerte og kvalifiserte kollegaer.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Høgskulestudentar innen relevant utdanning får lønnskompensasjon
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar avd.1 miljøarbeidertenesta, 478 75 932, elise.fjelle@gloppen.kommune.noKristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no
Arbeidsstad
Grandavegen6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5065951165
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448337191
- Sist endret