Sjukepleiar/vernepleiar 100 % fast stilling (2stillingar)
Kviteseid Omsorgssenter
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag? Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt? Då ynskjer me at du søkjer!
Hva vi ser etter
Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stillingar ledig:
Sjukepleiar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling frå d.d
Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar:
-
Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
-
Interesse for faget og utvikling av dette
-
God digital kompetanse
-
Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
-
Du har godt humør, er fagleg engasjera og har eit hjarte for eldreomsorg
-
Du er fleksibel, strukturert og løysningsorientert
-
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å jobbe sjølvstendig
-
Du kan tilpasse deg ulike situasjonar og arbeidskvardagar
-
Du kan prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne
-
Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgaver
-
Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
-
Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege
-
Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
-
Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande
-
Tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
-
Årsturnus
-
Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på topp dag og kveld
-
Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved relevant vidareutdanning
-
Fagleg utvikling
-
Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening
-
Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448330583
- Sist endret

