Ønskjer du å bidra på eit viktig samfunnsområde?
Nav Bergen sentrum, avdeling for arbeidsavklaringspenger
- Frist 11.2.2026
- Ansettelsesform Fast
I Nav Bergen er vi opptekne av kontinuerleg tenesteutvikling til beste for brukarane våre. Vi ser etter deg som trivst i ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag, og som likar å jobbe i team. Hos oss blir du del av eit innovativt fagmiljø med høg kompetanse, og du får ein spennande jobb i eit inkluderande arbeidsmiljø.
I region Bergen er det etablert ei mellombels avdeling som handsamar søknader om arbeidsavklaringspengar, journalfører saker og behandlar klager m.m. Avdelinga behandlar saker på vegner av fire NAV-kontor i Bergen, har 15 medarbeidarar og held til i NAV Bergen sentrum.
Vi har no fem midlertidige stillingar ledige frå 1. mars og fram til utgangen av 2026.
Kva går jobben ut på?
- sakshandsame i Nav sine fagsystem etter gjeldande lovverk
- kartleggje ressursar og moglegheiter hos den enkelte brukar
- kontakt med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
- delta i utviklingsarbeid ved behov
- andre oppgåver kan bli lagde til stillingane
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
- erfaring med å bruke digitale verktøy
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring frå sakshandsaming i offentleg verksemd
- erfaring frå arbeid med menneske og rettleiing
Kva ser vi etter hos deg
- er trygg og kan handtere ein variert og hektisk arbeidskvardag
- har god arbeidskapasitet og evne til å handsame eit breitt ansvarsområde
- er sjølvstendig, effektiv og arbeider systematisk og heilskapleg
- er omstillingsdyktig og handterar nye arbeidsoppgåver
Kvifor velje opp
- meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig arbeidsområde
- eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål
- fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og ein time trening i arbeidstida
- løn i stillingskode 1434 rettleiar i lønsspenn frå kr. 622 000 til kr. 660 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Siv Krakk Aga, Avdelingsleder avdeling AAP, 93401494, siv.krakk.aga@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5064445283
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 11.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448235658
- Sist endret



