Ferievikarar - Kommunalteknikk/park og grøntareal
Ørsta kommune
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vi søkjer etter ferievikarar for perioden mai – august 2026 i teknisk drift og kommunalteknikk/park og grøntareal.
Arbeidstida vil vere vekedagar frå 07.30- 15.30.
Vi ber deg skrive i søknaden kva arbeidsoppgåver/arbeidsstad du ønskjer og kva periode mellom veke 19 og 35 du kan arbeide.
Søkjarar som kan arbeide samanhengande i perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av parkar, badeplassar og grøntområde, kyrkjegardar og langs kommunale vegar
- Drift av areal rundt bygg, innanfor vatn og avløp
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel om du har førarkort kl. B og gjerne BE
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- Kan arbeide sjølvstendig
- Har gode evner til samarbeid
- Er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
- Er engasjert og løysingsorientert
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Etter utgangen av søknadsfristen vert innkomne søknader handsama og tilsetting gjort fortløpande.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Malvin Fremmerlid, Avd.leiar kommunalteknikk, 95 11 57 37, malvin.fremmerlid@orsta.kommune.noOlav Saure, Kommunegartnar, 48 99 34 66, olav.saure@orsta.kommune.no
Ulf Kristian Rognstad, Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom, 95 15 52 75, ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5070213188
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448221734
- Sist endret
