Ferievikar helse og omsorg
Helse og omsorg i Sande kommune
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Alle einingar i Helse og omsorg treng ferievikarar. Har du fagkompetanse eller erfaring frå helse og omsorg? Ønsker du å ha ein meiningsfylt jobb i ferien? Då inviterer sektor for helse og omsorg deg til å søkje som ferievikar.
Helse og omsorg har fire einingar. Desse er heimetenesta, institusjon, bu og habilitering samt helse og koordinerande eining. Vi treng ferievikar ved legekontoret, Sandetun omsorgssenter, insitusjonskjøkken, heimetenesta, praktisk bistand (heimehjelp), samt bu og habilitering.
Hovudferien vert avvikla mellom veke 25 og 32. Behovet for vikarar er allereie frå veke 24. Det er mogleg å arbeide heile eller delar av perioden. I søknaden ber vi deg skrive når du vil jobbe og når du eventuelt treng fri i sommar. I søknaden kan du også skrive om du har ønsker for kva avdeling eller type arbeid som er aktuelt. Søknadane vert vurderte ut i frå behov, ønske og erfaring.
Studentar i relevant utdanningsløp vert oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver
Som ferievikar skal du utføre oppgåver inn mot brukarar og pasientar.Arbeidsoppgåvene vert tilpassa stillinga du får tilbod om.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter:
- kokk
- helsefagarbeidar
- sjukepleiar
- vernepleier
- bioingeniør
- helsesekretær
- pleiemedarbeidar
- kjøkenassistent
- andre med sosialfagleg utdanning
Du bør helst fylle 18 år i 2026.
For å arbeide i heimetenesta må du ha førarkort klasse B.
Studentar i relevant utdanningsløp vert oppmoda om å søkje.
Godkjent politiattest må leggast fram før du startar i stillinga.
Personlege eigenskapar
Du må
- ha interesse for å arbeide med menneske
- vere ansvarsbevist og sjølvstendig
- samarbeide godt med andre
- ha lyst til å lære
- vere fleksibel og omsorgsfull
- bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- ein spennande og utfordrande sommarjobb
- eit triveleg arbeidsmiljø
- læring og erfaring
- tilsetjing i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
- studentar i relevant utdanningsløp får tillegg i løn
Kontaktinformasjon
Wenche Brit Thorseth, Einingsleiar helse og koordinerande eining, 91625895Sjur Strandbakken, Einingsleiar bu og habilitering, 99768269
Kari Johanne Skarmyr, Einingleiar heimeteneste, +47 95918965
Camilla Økland Higraff, Fungerande einingsleiar institusjonsteneste, 97642733
Arbeidsstad
Presegardsvegen 316084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5065528144
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 28.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448190715
- Sist endret
