Bioingeniør
MEDISINSK BIOKJEMI OG BLODBANK ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei fire sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund har 55 stillingar og om lag 66 tilsette.
Seksjonen består av fagområda hematologi og koagulasjon, service med preanalyse, PNA og urinanalyser, automasjon med pre/post-analyse, klinisk kjemi og immunkjemi, protein/allergi og blodbank/transfusjonsmedisin.
Vi har ledig 2 faste stillingar som bioingeniør i tredelt vaktturnus frå 01.04.2026 eller etter avtale.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg CV/søknad.
Arbeidsoppgåver
- Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver, inkludert blodprøvetaking og analysering av blodprøver
- Delta i laboratoriet sin vaktturnus
- Medverke til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Erfaring frå medisinsk biokjemi og/eller blodbank, inkludert blodprøvetaking, er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Interesse for pasientkontakt og blodprøvetaking
- Evne til å kunne omstille seg
- Interesse for kompetanseheving
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Engasjert, initiativrik og villig til å stå på i eit sterkt fagleg miljø
Vi tilbyr
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Ein seksjon med godt arbeidsmiljø og rause kollegaer
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Camilla Jensen Pedersen, Seksjonsleiar, Camilla.Jensen.Pedersen@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5065640646
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448180684
- Sist endret
