Prosjektleiar rekkverk
Saferoad Vik Ørsta
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vere med på å sikre tryggare vegar?
Saferoad Vik Ørsta ser etter ein motivert og omgjengeleg prosjektleiar som vil vere med på det viktige arbeidet med å sikre tryggare vegar i Norge.
Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp til å nå visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken!
Som prosjektleiar har du eit tett samarbeid med sal, teknisk avdeling og produksjon. Du blir ein del av eit team innanfor Noregs leiande avdeling for veg- og brurekkverk.
Hovudoppgåver vil vere:
- Å sørgje for at rett produkt vert levert til rett tid.
- Bidra til kvalitetssikring av leveranse.
- Å vere det interne bindeleddet som får prosjektet til å flyte gjennom organisasjonen.
Vi ser etter deg som:
- Har teknisk kompetanse/forståing.
- Har ein strukturert arbeidsmetodikk.
- Kommuniserer klart og godt.
- Har gode haldningar og lyst til å lære.
Du må kunne vise forståing for produktregelverk og kontraktshandtering. Rolla vil kreve bruk av CAD-verktøy.
Slik søkjer du:
Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida.
Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Spørsmål om denne spennande stillinga? Kontakt oss:
Teknisk sjef Jan Olav Hoggen, tlf. 951 70 854
Flytte til Ørsta?
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
Stolte av produkta våre spør du?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Saferoad Vik Ørsta!
Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea
FerdigheterAI-generert
- CAD (Computer-aided design)
- Kontrakthåndtering (salg)
- Kvalitetssikring
- Prosjekteringsledelse
- Teknisk innsikt
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Saferoad Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring og Marina. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 250 tilsette.
Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no
Saferoad Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.
Les meir om Saferoad på www.saferoad.com
- Sektor: Privat
- Sted: Strandgata 59, 6150 Ørsta
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448173784
- Sist endret


