Helgeavtale Intensiv SNR
Intensiv SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 6.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i ein av Europas mest moderne intensivavdelingar? Intensiv SNR har no ledige helgestillingar!
Som intensivsjukepleiar på intensiv SNR blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF. Hjå oss står fagutvikling, opplæring og inkludering høgt på agendaen. Vi har eit sterkt og støttande arbeidsmiljø prega av humor og felleskap.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, ortopediske, medisinske, nevrologiske, gynekologiske/føde-pasientar, barnemedisin og habilitering. Vi er også eit traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til godt samarbeid både fagleg og sosialt. Vi har faste dagar i turnus til fagdagar og MTU-oppdatering, og vi har fokus på simulering.
Du må gjerne kome å besøke oss for å sjå om dette kan vere noko for deg! Her jobber ein svært triveleg og fin gjeng av dyktige fagfolk, og vi håper å få fleire nye flinke kollegaer!
Ta gjerne kontakt for meir informasjon, og følg oss gjerne på instagram! (intensiv_snr_hmr)
Vi ber om at vitnemål, tenestebevis og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt kritisk sjuke pasientar.
- Sjukepleie til postoperative pasientar både barn og vaksne. Innan fagfelta gastro, urologi, ortopedi, ØNH, gynekologi og auge.
- Sjukepleie til intensiv- og overvåkningspasientar innan fagfelta kirurgi, medisin, nevrologi og gyn/føde.
- Til ein kvar tid er det to sjukepleiarar som er ein del av hjertestans- teamet ved sjukehuset.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar.
- Kandidatar som er under videreutdanning innen spesialsjukepleie er også aktuelle.
Personlege eigenskapar
- Du har ei positiv haldning, er interessert i intensivfaget og pasientane som treng slik behandling.
- Du er endringsvillig, utadvendt og engasjert.
- Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørande.
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kjetil Skjærset, Seksjonsleiar, +47 99236475, kjetil.skjaerset@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5068726386
Stillingsprosent: 20, 10%
Helgevakt
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 03.01.2027
Søknadsfrist: 06.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448073979
- Sist endret
