Kyrkjeverje / dagleg leiar
Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd
- Frist 16.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Kyrkjeverje / dagleg leiar
Stillinga som kyrkjeverje i Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd er ledig frå februar 2026. Kyrkjeverja har ei sentral rolle i utviklinga av folkekyrkja i Vestre Slidre i samarbeid med prestetenesta.
Den norske kyrkje forvaltar ein rik kulturarv, og i Vestre Slidre er det fire kyrkjer, eit kapell og ein kyrkjeruin, alle innafor ein radius på åtte km frå kyrkjekontoret. Fellesrådet er óg gravplassmyndigheit i kommunen og har forvaltningsansvaret for fire gravplassar og andre bygg som høyrer til kyrkja.
Kyrkjeverja er den øvste administrative leiaren for kyrkjeleg fellesråd i Vestre Slidre, og skal hjelpe fellesrådet med å leie strategi - og utviklingsarbeid. Kyrkjeverja har óg ansvar for kyrkja sin administrasjon og økonomi med investeringar, drift og vedlikehald av eigedommar med eit årleg driftsbudsjett på ca. 4 mill. kroner. Stillinga inneber arbeidsgjevaransvar for ca. 7 tilsette (ca 3 årsverk), her rekna med kontorfullmektig, kantor, menigheitspedagog, kyrkjetenar, klokkarar og ringarar. I tillegg har stillinga HMS-ansvar for soknepresten i kommunen. Kyrkjekontoret ligg sentralt i Slidre.
Kyrkjeverja skal vera ein synleg representant for fellesrådet og bidra til dialog og samarbeid med både politiske og administrative offentlege myndigheiter; både kommunen, prosten, bispedømmerådet, Riksantikvaren og andre relevante instansar.
Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og utviklingsorientert kyrkjeverje/dagleg leiar som er trygg i leiarrolla og som har evna til å utvikle verksemda til fellesrådet. Den nye kyrkjeverja/daglege leiaren må ha solid sosial kompetanse og forståing for kva det inneber å leie ei verksemd med tilsette i ulike profesjonar, og å samarbeide med frivillige som bidreg med betydeleg innsats. Stillinga krev gode skriftlege ferdigheiter, samfunnsinteresse og solid arbeidskapasitet.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle verksemda og ansvarsområdet til fellesrådet, og på vegne av rådet
- Ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna gjennom kyrkjeleg fellesråd
- Utarbeide mål og planar for verksemda til fellesrådet
- Ivareta arbeidsgjevaransvaret for dei som blir lønna over fellesrådsbudsjettet
- Budsjett, økonomi og rekneskapsarbeid
- Gravplassforvaltning
- Saksbehandling for fellesrådet og oppfølging av vedtak som blir fatta der
- Bidra til samhandling og fremme samarbeid mellom aktuelle kyrkjelege organ, samt representere i forhold til aktuelle offentlege myndigheiter
- Kyrkjeverja har eit særskilt ansvar for å ivareta kyrkjebygg- og gravplassforvaltning som ligg til fellesrådet, og vidare ivareta interesser for sokna i forhold til kommunen
- I ein liten stab vil det óg vere naturleg for kyrkjeverja å bidra i praktiske gjeremål saman med andre tilsette ved behov
Kvalifikasjoner
- Erfaring med personalleiing, økonomistyring, administrasjon og planarbeid
- Relevant utdanning på høgskulenivå med minimum bachelorgrad eller tilsvarande Særleg relevant realkompetanse kan vega opp for manglande formell utdanning
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode evner til å arbeide med komplekse problemstillingar
- God formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg. Målforma er nynorsk.
- Medlem i Den norske kyrkje og at du kan identifisere deg med verdigrunnlaget til kyrkja og oppdraget «Meir himmel på jord».
- Søkjar må disponere eigen bil
Personlige egenskaper
- Gode samarbeidsevner med fokus på lagbygging
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Kunne glede seg over å sjå resultat gjennom medarbeidarar
- Stor evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- Serviceinnstilt, påliteleg og strukturert
- Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Fast tilsetjing
- Lønn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
- Varierte arbeidsdagar og fleksibel arbeidstid
- Kjøregodtgjering utbetalt etter gjeldande regelverk
- Arbeidsplass i ein vakker kommune med rikt friluftsliv og kulturliv, dessutan ein solid og god grunnskule og kulturskule, båe med gode lærar-ressursar, og barnehagar med full dekning.
- Hjelp med å finne bustad
For å skape grunnlag for godt og trygt miljø for alle, må det leggjast fram politiattest før tilsetting i samsvar med Trossamfunnslovens § 20 og Politiregisterloven § 39, første ledd.
Når søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ynskje om å bli unntatt frå denne lista må grunngjevast i søknadsportalen, og du vil uansett få ei tilbakemelding på dette. Dersom ynskjet ditt ikkje kan imøtekomast, vil det vera mogleg å trekkje søknaden.
FerdigheterAI-generert
- Bruke regnskapssystemer
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Forvaltningskompetanse
- Økonomistyring
- Saksbehandle søknader
- Utforming og design av gravplasser
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei solid og god skule med gode lærar-ressursar, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Slidrevegen 20, 2966 Slidre
- Bransje: Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448066323
- Sist endret

