Ung i helse
Vaksdal kommune
- Frist 29.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du mellom 16 og 18 år og på jakt etter ein meiningsfull sommarjobb? Har du lyst til å hjelpa andre, interesse for arbeid med eldre eller lyst til å utforske helsefaget?
Vi ser etter ungdommar som vil vere ein del av Vaksdal kommune sitt aktivitetstilbod til eldre i sommar. Du vil få ein kontaktperson og god opplæring.
Du må kunne arbeide i 3 samanhengande veker mellom 22. juni til og med 16. august. Ungdom som ønsker ei karriere innan helsefag eller som er nyskjerrige på dette vil verta prioriterte. Skriv gjerne litt om deg sjølv og kvifor du ønsker sommarjobb hjå oss.
Arbeidsstad er på sjukeheim, eller dagsenter/omsorg +.
Om du er under 18 år og går Vg2 helsefag, så kan du også søke ordinær sommarjobb hjå oss.
Etter sommaren får du ein attest på at du har hatt sommarjobb gjennom Ung i helse
Arbeidsoppgåver
- Vere sosial saman med pasientar. Aktivitetar som: ut på tur, prate, lese ei bok, sjå film saman, spele kort, høyre på musikk, danse, steike vaflar og anna som kan gje dei auka livskvalitet.
- Enkle oppgåver i avdelinga, som eksempelvis å hjelpe til på kjøkken, borddekking, hjelp under måltid, pakke ut varer, rydding og anna forefallande oppgåver.
- Samtalar med pasientane
- Hjelpa til under sangstund
- Halda pasientar med selskap gjennom måltid
- Reie senger
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Du må vera fylt 16 år seinast 22. juni
- Du må vera busett i Vaksdal kommune
- Søkarar som ikkje har anna sommarjobb vil bli prioritert
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Glad i å arbeide med menneske
- Du må like å vere sosial og våge å ta initiativ
- Kunne ta imot og følge instruksjonar
- Ønsker å ta ansvar og likar å samarbeide
Vi tilbyr
- Ein sommarjobb litt utanom det vanlege, saman med kjekke kollegaer og pasientar
- Rettleiing og støtte undervegs
- Arbeidserfaring og kjennskap til Helse og meistring i Vaksdal kommune
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Tenesteattest/ bevis på arbeid
Slik søker du
Klikk på "søk stillinga" og følg vidare instruksjonar. Har du søkt på stilling i Vaksdal via Jobbnorge før er brukarnamn ofte e- posten du brukte. Treng du hjelp, kan du venda deg til HR- Konsulent på e- post: guro.bolstad.hesjedal@vaksdal.kommune.no
Svar på søknad, avtale om intervju og eventuelt tilbod/avslag vil du motta på den e- postadressa du registrerte i søknaden.
Om du er under 18 år og går Vg2 helsefag, så finn du lenka til sommarjobb på Jobbnorge.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448064310
- Sist endret
