Sommarjobb i Helse og meistring
Vaksdal kommune
- Frist 1.5.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du på jakt etter ein spennande, variert og ikkje minst meiningsfull sommarjobb? Då har vi jobben for deg! Vi ser etter deg med helsefagleg bakgrunn, deg som har eit ønske om å arbeide innan helse eller deg som rett og slett vil gjera ein innsats for andre. Vi treng sommarvikarer, og dersom du vil, kan du få starta allereie no. Vi har ledige helgestillingar. Du får god opplæring og oppfølging undervegs i arbeidet.
Vi har primært behov for vikarar frå veke 26 til veke 33 og vurderer søkarar fortløpande. Du vert prioritert om du kan arbeide minst 4 veker samanhengande i denne perioden. Spesifiser gjerne i søknaden kva periode du er tilgjengeleg og kor du kan tenka deg å arbeida.
Er du mellom 16 - 18 år? Då kan du søke på Ung i helse.
Krav til kvalifikasjoner
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar: Norsk autorisasjon
- Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav
- Må ha gyldig politiattest.
- Du må vera fylt 18 år. Unnataket er dersom du er under 18 år og går Vg2 Helsefag
Arbeidsoppgåver
Innan helse i Vaksdal jobbar du i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper rundt deg. Anten du likar å arbeide sjølvstendig, i team, har omsorgsblikket, arbeid innan rehabilitering eller liker å arbeide personsentrert - me har jobben for deg. Arbeidsoppgaver vil variere utifrå kompetanse og erfaring og kan inkludera:
- Gje støtte og rettleiing til brukar og pårørande
- Omsorg og pleie
- Dokumentasjon på data
- Sjukepleieprosedyrar
- Vere sosial saman med pasientar
- Enkle oppgåver i avdelinga
Personlege eigenskapar
- Utadvendt og serviceinnstilt
- Praktisk og fleksibel
- Sjølvstendig og med "stå-på-vilje"
- Gode kommunikasjonsferdigheter
- Er ivrig og lærevilleg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448060741
- Sist endret
