Lærling energimotør- og industrimekanikarfaget
Sunnhordland Kraftlag AS
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Lærling
Bygg framtida med oss- bli lærling i SKL!
Vil du ut i jobb etter skulen- og gjera noko som betyr noko for framtida?
Hos Sunnhordland Kraftlag (SKL) får du meir enn ein lærlingplass. Du blir ein del av laget som produserer fornybar energi og held samfunnet i gang.
Me søkjer lærlingar innan:
Industrimekanikarfaget
Energimonørfaget
Arbeidsstad er Matre og/eller Etne(Litledalen). Sjølv om du blir tilsett i Matre i Kvinnherad eller i Litledalen i Etne, reiser du også til arbeidsoppgåver andre stader me har kraftanlegg
Her jobbar me med drift, vedlikehald og bygging av vasskraftanlegg. Du får vera med på ekte arbeidsoppgåver – ikkje berre sjå på.
Kvifor velja SKL:
Du får praktisk erfaring med moderne teknologi og kraftsystem
Du lærer av erfarne fagfolk som vil at du skal lukkast
Du blir del av eit trygt og sosial arbeidsmiljø
Jobben du gjer er viktig - du er med og lagar rein energi for framtia
Kven er du?
Du er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobba med henda.
Du trivst med å vera ute i felt og tar ansvar.
Du vil ha ein framtidsretta karriere med gode moglegheiter.
Du har fullført VG1 og VG2.
For fleire opplysningar kan du ta kontakt med;
Raimund Sæle- vedlikehaldsleiar
Telefon: 975 56 129
Tore Storhaug- avdelingsleiar
Telefon: 909 39 434
Kopi av vitnemål og karakter frå siste termin må vera vedlagt søknaden.
Søknad kan sendast via finn.no eller på jobb@skl.as innan 28.02.2026
Det blir utført bakgrunnssjekk i samsvar med kraftberedskapsforskrifta på den som blir tilbydd stillingen.
Ferdigheter
- Drift av kraftverk
- Elektronikk
- Energi
- Industrimekanikk
- Utføre feltarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vass- og vindkraft i Norge. SKL produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord, med avdelingar i Matre, Kvinnherad og Litledalen, Etne. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL eig òg Midtfjellet Vindkraft i Fitjar kommune.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Lønningsåsen 2, 5401 Stord
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Energimontør, Industri, Mekanisk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærling, industrimekanikarfaget, energimonørfaget, rein energi
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448050981
- Sist endret