Lyst på ein variert og meiningsfull sommarjobb i Lom?
Lom Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Lom legekontor søkjer engasjerte ferievikarar for helsesekretærane i vekene 27--31. Søknadsfrist: 28.02.2026.
Hjå oss får du ein spanande og hektisk arbeidskvardag, der du blir ein viktig del av eit triveleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte og gir verdifull erfaring frå primærhelsetenesta.
Kven ser vi etter?Vi ønskjer deg som er:
-
serviceinnstilt og imøtekomande
-
fleksibel og løysingsorientert
-
trygg i møte med pasientar og kollegaer
Vi søkjer primært deg med helsefagleg bakgrunn, til dømes helsesekretær, sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Studentar og ufaglærte med relevant praksis er òg hjarteleg velkomne til å søkje!
Arbeidsoppgåver-
Telefon og ekspedisjon
-
Post- og journalarbeid
-
Laboratorie- og skadestuearbeid
-
Assistere legar ved behov
-
Ein lærerik og meiningsfull sommarjobb
-
God opplæring og tett samarbeid i team
-
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
-
Løn etter avtale
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448036863
- Sist endret