Sommarvikarar
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 08.03.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Studerer du rettvitskap, økonomi eller samfunnsvitskap? Vi søker 6 sommarvikarar for 2026
Ønsker du å bruke litt av sommaren på å få eit innblikk i kva vi held på med? Vi tilbyr sommarjobb til studentar på alle dei tre områda våre.
Lotteri- og stiftelsestilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet og er staten sitt forvaltningsorgan på områda pengespel, stiftelsar og frivilligheit.
Gjennom ein sommarjobb hos oss får du praksis og innsikt i dei spennande fagområda våre, samt erfaring frå offentleg forvaltning.
For avdeling for pengespel og avdeling for frivilligheitsstøtte vil sommarjobben vare ca. ein til to månader, med oppstart 22. juni.
Ved Stiftelsestilsynet vil sommarjobben vare ca. to månadar, gjerne oppstart før 22. juni.
Dette vil du jobbe med
På avdeling for pengespel er vi ute etter to jusstudentar som er ferdig med to år av studiet eller meir
Jobben vil hovudsakleg handle om tilsyn med ulovlege pengespel på nett, spesielt marknadsføring og DNS-blokkering.
På avdeling for frivilligheitstøtte er vi ute etter to juss- eller økonomistudentar som er på siste del av studieløpet (4. eller 5. året)
Jobben vil hovudsakleg handle om oppgåver knytt til forvaltning av tilskotsordningar, forenkling for frivillig sektor og tilskudd.no. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kvalifikasjonane til den som blir tilsett.
På Stiftelsestilsynet er vi ute etter to studentar innan juss, økonomi, samfunnsvitskap eller annan utdanningsbakgrunn. Du kan gjerne vere førsteårsstudent.
Jobben vil hovudsakleg handle om oppfølging og kvalitetssikring av Stiftelsesregisteret.
Dersom du er kvalifisert til fleire av stillingane, skriv gjerne kva avdeling du helst ønsker å jobbe i.
Kvifor velge oss?
- Kjekke kollegaer.
- Stort og spennande fagmiljø, med breitt samansett kompetanse og erfaring.
- Moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, mellom anna med eige treningsrom og kantine.
FerdigheterAI-generert
- Domain Name System
- Kvalitetssikring
- Retts- og fengselsvesen
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
«Det er ein god arbeidsplass. Du får jobbe med kjekke folk, spennande arbeidsoppgåver og eit engasjerande samfunnsoppdrag»
Hedvig Inderhaug, jurist på pengespelavdelinga og tidlegare sommarvikar.
Vi er rundt 90 engasjerte folk, som jobbar med ulike fagfelt i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Samfunnsoppdraget vårt er at færre skal få problem med pengespel, å gjere det enklare å drive frivilligheit og at stiftelsane skal jobbe for formåla sine.
Vi har godt arbeidsmiljø, og det finst alltid ein kollega du kan spørje om du treng råd og hjelp. Er du den spreke typen tilbyr vi eige trimrom og flotte fjell. Vil du vere sosial møtes vi for eksempel ofte på kviss på Elvesus.
Vi håpar å høyre frå deg!
PS! Lurer du på korleis det er å bu i Sunnfjord? Då kan du sjekke ut denne nettsida.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Jurist, Økonomi og regnskap, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sommerjobb, økonom, rettsvitenskap, Sunnfjord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448027390
- Sist endret