Er du klar for ein unik sesongjobb?
Hardanger Fartøyvernsenter ved Hardanger og Voss museum
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Har du erfaring med matlaging og lyst på ein unik jobb til sjøs?
Me søkjer ein kokekyndig person til Hardangerjakta Mathilde for seglingssesongen mars - oktober 2026!
Hva vi ser etter
Me ser etter deg som:
-
Har erfaring med matlaging, gjerne frå storkjøkken, kantine eller tilsvarande.
-
Er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
-
Likar å skapa gode opplevingar.
-
Trivst med å jobba på få kvadratmeter, tett på både mannskap og medseglarar.
-
Har gode samarbeidsevner og eit godt humør.
-
Snakkar og forstår norsk godt.
-
Har eit hjarte for historiske seglskuter og tradisjonsformidling.
-
Kjenner deg igjen i våre verdiar; truverdig, raus, engasjert.
Ønskja kvalifikasjonar:
-
Grunnleggande tryggleikskurs for sjøfolk (STCW tabell A-VI/1-1, 1-2, 1-3, 1-4).
-
Passasjer- og krisehandteringskurs.
-
Gyldig helseattest frå sjømannslege.
-
Gyldig politiattest.
I enkelte tilfelle kan arbeidsgjevar, etter nærare avtale, dekke kostnader til nødvendige kurs.
#sommerjobbivest
Arbeidsoppgaver
Som kokekyndig på Hardangerjakta Mathilde har du hovudansvaret for å laga næringsrik og god kvardagsmat til leirskuleelevar og andre medseglarar. Du vil planleggja menyar, stå for innkjøp og matlaging, og ha ansvar for å halda god hygiene og handtera matallergiar om bord.
Mange av gjestene våre er born og ungdom, så det er viktig at du er trygg og trivst i lag med dei.
Vi tilbyr
Kvifor Hardangerjakta Mathilde?
-
Ei unik skute, med unik historie.
-
Du blir ein del av eit uformelt og engasjert fagmiljø ved Hardanger Fartøyvernsenter.
-
Ingen dagar er like, og du får oppleva Norskekysten frå orkesterplass.
-
Minner for livet -- for gjester og mannskap
-
Me tilbyr kost og losji om bord under tokt, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448025196
- Sist endret



