Sommervikar i ambulansetjenesten
Prehospital avdeling, Helse Fonna HF
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
I ambulansetenesta i Helse Fonna treng vi ferievikarar i sommar!
Frå veke 26 til veke 34 har vi ledige stillingar i 50–100% ved våre 10 ambulansestasjonar i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger på følgende lokasjoner: Haugesund, Karmøy, Vindafjord, Sauda, Suldal, Odda, Kvinnherad, Stord, Tysnes og Bømlo.
Her blir du ein del av eit erfarent og fagleg sterkt miljø, der samarbeid og tryggleik står i sentrum. Arbeidskvardagen er variert, krevjande og spanande – du må kunne ta raske og riktige avgjerder, arbeide sjølvstendig og trivast med å køyre utrykking.
👉 Skriv i prioritert rekkjefølgje kva stasjon du ønskjer å jobbe ved
👉 Oppgi eventuelle ønskje om arbeidsperiode dersom du ikkje kan jobbe heile sommaren
👉 Vi behandlar søknadar fortløpande, så søk allereie no!
Kva går jobben ut på?
Behandling og transport av pasientarKva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fagbrev og autorisasjon i ambulansefag.
- Autorisasjon Paramedisin
- Utdanning som tilfredstillar minstekrava i forskrift for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus
- Må kunne beherske norsk skriftleg og munnleg
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med ein aktiv arbeidskvardag og har god fysikk, slik at du kan møte dei praktiske utfordringane i jobben.
- har eit stort engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare.
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å vere ein lagspelar som delar kunnskap og støttar kollegaene dine.
- er punktleg og påliteleg – ein kollega som andre kan stole på.
- jobbar sjølvstendig når det trengst, men trivst også med tett samarbeid i team.
- kommuniserer tydeleg og møter både pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og forståing.
- ser kva som må gjerast, tek initiativ og bidreg aktivt – både ved å gi og ta imot hjelp.
Kvifor skal du velje oss?
🔹 Eit høgt fagleg nivå – Her blir du ein del av eit dyktig fagmiljø der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar.
🔹 Eit engasjert og støttande arbeidsmiljø – Du får kollegaer som brenn for jobben sin, deler kunnskap og heiar på kvarandre. Her finn du eit lag av kompetente og stolte medarbeidarar som veit kor viktig godt samarbeid er.
🔹 Ein jobb med meining – Kvart oppdrag betyr noko. Her får du ei variert og utfordrande arbeidserfaring som både utviklar deg fagleg og gir deg personleg vekst.
Kontaktinformasjon
Lene Hetland, Ass. avdelingsleder Prehospital avdeling, +47 91560352, lene.hetland@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5070222137
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448019576
- Sist endret
