Byggevareseljar, 100% Trelast og byggevare
Vestbygg As
- Frist 10.2.2026
Byggevareseljar, 100% Trelast og byggevare
Vestbygg AS, Grytøyra, Ytre Fjaler
Er du nøyaktig, sjølvstendig og trivst i kontakt med både handverkarar og privatkundar?
Vestbygg AS søkjer ein allsidig byggevareseljar i 100 % stilling til vårt anlegg på Grytøyra i Ytre Fjaler.
I denne stillinga blir du eit viktig bindeledd mellom kontor, butikk og trelastlager. Du vil arbeide tett med kundar, leverandørar og kollegaer, og få varierte oppgåver som krev både fagleg forståing, struktur og god serviceinnstilling.
Sentrale arbeidsoppgåver- Tilbodsrekning, kalkulasjon og sal: Utarbeiding av pristilbod til byggje- og byggevareprosjekt
- Prosjektstøtte: Oppfølging og rettleiing av kundar og profesjonelle aktørar gjennom byggjeprosjekt
- Varebestilling og logistikk: Innkjøp og oppfølging av leverandørar
- Økonomi og administrasjon: Fakturering og generelle kontoroppgåver
- Kundeservice: Betening av kundar i butikk og på trelastlager ved behov
- Systembruk: Arbeid i Nextstep og PowerOffice Go (opplæring vil bli gitt)
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Erfaring frå byggjebransjen, byggevarehandel eller relevant kontorarbeid er ein stor fordel
- God økonomisk forståing og erfaring med fakturerings- og økonomisystem
- Strukturert, nøyaktig og i stand til å arbeide sjølvstendig
- Trivst med sal, kundekontakt og relasjonsbygging
- Det er fordel med bil- og trucksertifikat.
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Me tilbyr
- Ei variert og sjølvstendig stilling i ei solid og lokalt forankra verksemd
- Eit uformelt og godt arbeidsmiljø• 100% fast stilling
- God opplæring i system, rutinar og arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktige vilkår med lønn etter avtale
Søknad og kontakt
Søknadsfrist: 10.02.26
Søknad sendes via "søk på stilling" knappen på denne siden.
Send søknad og CV til: lene.takvam@vestbyggas.no
For spørsmål om stillinga, ta kontakt med: Reidar Tysse på tlf. 481 45 478
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448012916
- Sist endret


