Avløyser / gardsmedarbeidar (geit, drift og vedlikehald) – bustad inkludert – mogleg for par – 6 mån engasjement
Geit Naturlegvis, Stig Moltumyr
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vi søkjer ein praktisk og arbeidsvillig person (eller eit par som vil dele jobben) til arbeid på ein geitegard og to nabogardar. Du kan ha landbruksfagleg bakgrunn, vere nevenyttig (tømrar/snekker/handverkar), ha erfaring med dyr -- eller vere ein uerfaren, men motivert ungdom med rett innstilling.
Må ha: Førarkort (B), traktorførarkompetanse/erfaring, fysisk arbeidskapasitet, pålitelegheit og god arbeidsmoral. Rett til å opphalde deg og jobbe i EU området
Ønskjeleg: Geit/mjølking/ysting, handverksbakgrunn, gardsdrift.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver (varierer med sesong)
-
Dagleg gardsarbeid og dyrestell (geit/kje ved behov)
-
Praktisk vedlikehald: småreparasjonar, snekring, rydding, enkel drift/tilsyn
-
Arbeid knytt til fôr, gjerde, vatn, vinterrutinar, logistikk
-
Traktorkøyring og enkle maskinoppgåver etter evne
Meir informasjon
https://sites.google.com/view/episkfjordgard/work-advertisement
Slik søkjer du
Du fyller ut skjemaet på https://forms.gle/inZf7za9RZ4j8Bwm9. Dersom du kan vere relevant for oss treng vi seinare ein søknad og ein CV.
Vi tilbyr
Stilling: 100% (37,5 t/veke) -- kan delast av to personar (t.d. 50/50 eller etter avtale)
Varigheit: 6 mån engasjement, med mogleg forlenging dersom garden ikkje er seld før
Søknadsfrist: 15. mars 2026
Tilsetjing/løn: Tilsetjing skjer gjennom Avløysarlaget. Timeløn: 185 kr/t (vilkår etter Avløysarlaget sine ordningar)
Bustad: Hus på eigedomen (passar også for par). Nærare avtale om vilkår.
Moglegheit for framtidig kjøp
For rett person (eller par) kan dette også vere ein sjanse til å prøve ut garden i praksis, med moglegheit for vidare samtale om kjøp dersom det kjennest riktig.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447941971
- Sist endret

