Rådgjevar/seniorrådgjevar - verjemål
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst å utgjere ein forskjell?
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med kontorstad Bergen eller Leikanger.
Stillinga høyrer til utdannings- og verjemålsavdelinga, som har tre seksjonar, alle med tilsette både på Leikanger og i Bergen. Verjemålsseksjonen har i dag 26 tilsette med juridisk, økonomisk, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse.
Statsforvaltaren er lokal verjemålsmyndigheit og har ansvaret for verjemålssakene i fylket. Vi har i dag ansvaret for om lag 7 700 aktive saker.
Verjemål er eit breitt og samansett fagfelt, med oppgåver innan m.a. rettsområda arv- og skifterett, barnerett, forvaltningsrett og sivilprosess. Vi fremjar saker for domstolane om fråtaking av rettsleg handleevne, og har rett til å vere sjølvprosederande. Vi forvaltar også midlar på vegner av barn og vaksne i Vestland fylke. Som førstelineteneste har vi i tillegg ansvar for å rettleie publikum om verjemålsordninga og dei private alternativa til verjemål.
Arbeidsoppgåver
- Oppretting og endring av verjemål for vaksne
- Oppnemning av verje for mindreårige
- Rettleiing til publikum på telefon
- Andre sakshandsamingsoppgåver kan bli tildelte etter avtale med seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan helse- og sosialfag eller rettsvitskap, på bachelornivå
- Erfaring frå sakshandsaming og offentleg forvaltning
- Erfaring frå skriftleg og munnleg formidlingsarbeid
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som
- er samfunnsengasjert og har interesse for arbeid med menneske
- har gode munnlege kommunikasjonsferdigheiter og god skriftleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål
- har evne til å arbeide strukturert, effektivt og fullføre enkeltoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag
- kan arbeide sjølvstendig, men samtidig delta i drøftingar og samarbeid med andre ved behov
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 550 000-770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Generell offentlig administrasjon
- Kjennskap til forvaltningslova
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447561771
- Sist endret


