Helgestilling i heimebasert omsorg
Helse og omsorg, Vanylven kommune
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du student og vil kombinere studie med jobb? Er du ute etter ein ekstrajobb for meir erfaring? Då har vi i heimebasert omsorg behov for deg!
Vi har ledige stillingar på helg og søker no etter fleire kollegaer. Du vil jobbe saman med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Pasientane bur i eigen heim og vi er opptatt av å hjelpe dei slik at dei kan bu heime lengst mogleg. Du vil vere med å gjere ein forskjell for menneske med varierande hjelpebehov. Vi utfører medisinksfaglege prosedyrer, stell og pleie, samt ernæringsoppfølging og praktisk hjelp. I heimebasert omsorg er du med å bidra i planlegginga av arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene er svært varierte. Du vil arbeide både i team og sjølvstendig.
Heimebasert omsorg har to avdelingar; Fiskå og Syvdetun.
Vi har ledige stillingar på helg på Fiskå. Muligheit for langvakter og årsturnus som gjer arbeidstida forutsigbar og komprimert.
Stillingane er på ca. 13 %, inntil 20% ved langvakter.
Vi ser fram til å få deg på laget!
Ta kontakt med avdelingsleiar om du har spørsmål om stillinga.
Du må vere 18 år og ha sertifikat.
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie i heimen til pasient
- Medikamenthandtering
- Dokumentasjon
- Samhandling med kollega, pasient og pårørande
Kvalifikasjonar
- Gjerne helsefagleg utdanning eller under utdanning
- Interesse for helse og omsorg
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskaper
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er omsorgsfull og har gode samarbeidsevner
- Du ønsker å gjere ein forskjell for andre menneske
- Du kommuniserer godt og tek ansvar
Vi tilbyr
- Relevant erfaring for deg som er helsefagleg student
- Fleksibel arbeidstid
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande tariff
- Moglegheit for ekstravakter og sommarjobb
Kontaktinformasjon
Julie Strand, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 97540039, julie.strand@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5068541618
Stillingsprosent: 13%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 08.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447554399
- Sist endret

