Helsefagarbeidar inntil 100 %
Helse og omsorg, Vanylven kommune
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vanylven kommune søkjer helsefagarbeidar til heimebaserte tenester, inntil 100 % stilling frå 01.03.2026 - 31.12.2026. Stillinga inneber arbeid i turnus med muligheit for langvakter og fjerde kvar helg. Kommunen har årsturnus, som skal gi arbeidstakar ei forutsigbar arbeidstid.
Ønskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit framoverlendt miljø er dette jobben for deg!
Heimebaserte tenester i Vanylven Jobbar for å imøtekomme framtidige utfordringar innan helsetenester til brukarar som bur i eigen heim. Jobben inneber tett samarbeid både med tverrfagleg og med pasient og pårørande. Som helsefagarbeidar hos oss er du med å utvikle og koordinere eigen arbeidsplass. Vi har god fagleg kompetanse og du arbeider tett med sjukepleiar og assistentar. Ein jobbar breitt og særlig innan fagområda rehabilitering, geriatri, demens, palliativ omsorg, rus og psykiatri.
Vanylven kommune er framoverlendt og nyttar journalsystemet Helseplattformen.
Stillinga har i utgangspunktet oppmøte på omsorgsbustaden Syvdetun, men vaktene kan kombinerast med oppmøte på Fiskå om ønskeleg. Årsturnus og muligheit for langvakter gir god balanse mellom arbeid og fritid.
Har du lyst å bli ein del av ei avdeling og ein tjeneste du kan vere stolt av å jobbe i? Då må du søkje hos oss!.
Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta pasientens individuelle grunnleggande behov
- Utføre helsefaglege prosedyrer
- Arbeide sjølvstendig og i team
- Sørgje for god dokumentasjon og bidra til utarbeiding av tiltaksplanar i EPJ
- Vurdere og kartlegge behov hos brukar
- Medikamenthandtering
- Sørgje for god samhandling og tverrfagleg samarbeid
- Sikre gode pasientforløp til brukarar av tenesta
- Ta i bruk velferdteknologiske løysingar
- Veilede og lære opp studenter, lærlinger og nytilsette
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan helsefag
- Anna relevant utdanning
- Godkjent politiattest
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- God kunnskap om dokumentasjon og bruk av IKT-verktøy
- Kommunisere godt skriftleg og muntleg
- Effektiv, fleksibel og løysingsfokusert
- Engasjert og ynsker å bidra til utvikling av tenesta for framtida
- Positiv bidragsytar for eit godt arbeidsmiljø
Personleg egnaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Moglegheit for eigenutvikling
- Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Godt samarbeid både internt i avdelinga og på tvers av avdelingar
- Tilrettelagt turnus så langt det let seg gjere
- Tillegg for fagorganiserte, svært gode forsikring- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Julie Strand, Avdelingsleiar heimebasert omsorg, 97540039, julie.strand@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5069069229
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 08.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447552616
- Sist endret


