Deltidsekspeditør
Vinmonopolet
- Frist 12.2.2026
- Ansettelsesform Fast
I butikken vår i Suldal jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar. Vi søkjer ein engasjert og dyktig kollega – er dette deg?
Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 2,5 timar i gjennomsnitt per veke med vakter annenhver lørdag. Du treng ingen forkunnskapar så lenge du har lyst til å lære!
Kva kan vi tilby deg?
Vi er først og fremst trivelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit hyggjeleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Grundig opplæring som gir unik kompetanse innanfor faget vårt, og jamleg varefagleg oppdatering
- Bli ein del av ein raus og inspirerande delingskultur
- Bli ein del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, og som har berekraft høgt på dagsordenen
- Gode lønns- og arbeidsvilkår og medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gode forsikringsordningar
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
- Skape det beste kundemøtet ved å gi kunderettleiing om produkta våre
- Sikre ansvarleg sal ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar, og førebyggje langing
- Kassaarbeid og handtering av pengar
- Rutinar og aktivitetar i samband med varehandtering
- Anna førefallande butikkarbeid
- Opne og stenge butikken
- Ansvar for oppgjer
Personlege eigenskapar:
- Du er blid og serviceinnstilt
- Du brenn for å gi det beste kundemøtet
- Du er engasjert, fleksibel og opptatt av å finne gode løysingar
- Du evnar å sjå, lytte og forstå behova til ulike menneske
- Som person er du ein lagspelar og jobbar godt saman i team
- Du har god formidlingsevne
- Som tilsett hos oss identifiserer du deg med verdiane våre: raus, solid og dynamisk
Kvalifikasjoner:
- For å jobbe hos oss må du ha fylt 20 år og ha gode norskkunnskapar
- Du bør ha fullført treårig vidaregåande opplæring (eller tilsvarande)
- Det er ønskjeleg at du har god digital kompetanse.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Siri Gauthun på tlf. 92131460 eller e-post siri.gauthun@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.
Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.
Søknadsfrist: 12.02.2026
I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn
Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.
Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)
Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447545742
- Sist endret
