Sommarvikarar 2026
Gulen kommune
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ynskjer du å vere sommarvikar ved miljøtenesta?
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Ute er det kaldt, men me har begynt å tenkje på sommarturnusen;)
Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2026 i Miljøtenesta. Eininga bistår brukarar i heile kommunen, men dei fleste brukarane bur på Dalsøyra. Søkjarane må skrive i søknaden frå/til-periode ein kan jobbe og om det er periodar ein ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar. Søkjarar som kan jobbe samanhengande/lengre periodar vil verte prioritert. I hovudsak er det snakk om arbeid i perioden: veke 25-33.
Kommunen har, for tida, ekstra tillegg på helg.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for- og bidra i brukarane sine daglege gjeremål og fritidsakvititetar
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med søkjarar som har utdanning innen pleie og omsorg, sosialfag eller pedagogikk, men andre kan også søkje
- Det er ynskjeleg at søkjarane har førarkort klasse B
- Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447542894
- Sist endret