Sommarvikarar - sjukepleiarstudentar
Gulen kommune
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du sjukepleiarstudent og ynskjer deg sommarjobb?
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2026 i sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, og vi ynskjer å kome i kontakt med deg som er sjukepleiarstudent. Vi tilbyr løn over tariff for sjukepleiarstudentar som vert sommarvikar (sjå meir under punktet "anna" nedst i annonsen). Kommunen har også, for tida, ekstra tillegg på helg. Eininga består av sjukeheim og heimetenester. Eininga har eige kjøken, vaskeri og reinhaldspersonell.
Arbeidsoppgåver
Me treng tilsette både i pleien på sjukeheim og i open omsorg (heimetenesta). Ferieavviklinga er hovudsakleg i veke 25-32; men det kan vere aktuelt med jobb utover desse vekene. Skriv gjerne i søknaden dersom det er periodar du ikkje har høve til å jobbe
Kvalifikasjonar
- Studerer bachelor i sjukepleie
- Dei som skal jobbe i heimetenestene må ha førarkort klasse B. For dei som skal arbeide på sjukeheimen er det ikkje krav om førarkort.
- Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Løn over tariff under sommarferieavviklinga for sjukepleiarstudentar: for sjukepleiarstudentar som er undervegs/ferdig med 1. året (0-60 studiepoeng) vert løna tilsvarande fagarbeidarløn, for sjukepleiarstudentar som har gått meir enn 1 år (over 60 studiepoeng) vert løna tilsvarande sjukepleiarløn.
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447541472
- Sist endret

