Bygg- og eigedomsutvikling - Seksjonsleiar utbygging
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Bygg- og eigedomsutvikling - Seksjonsleiar utbygging
Vi søker etter seksjonsleiar for utbyggingsseksjonen i 100 % fast stilling i avdeling for bygg og eigedomsutvikling. Utbyggingsseksjonen vil bestå av 5 til 8 prosjektleiarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune har eit ambisiøst mål om å vere eit førebilete for korleis vi tek vare på og vidareutviklar eksisterande bygg på ein ansvarleg måte. Vi står framfor store oppgåver med oppgradering, ombygging og vedlikehald av bygningsmassen vår – alltid med høge krav til klima og miljø, sosialt ansvar og god prosjektøkonomi.
I Bygg- og eigedomstenestene har vi som ambisjon at kvart prosjekt skal bidra til å forlenge levetida til bygga våre, redusere miljøavtrykket og skape betre løysingar for brukarane. Det betyr at vi utfordrar etablerte tankesett, tek i bruk innovative metodar og dokumenterer resultata vi oppnår.
Vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø innan prosjektleiing og bidra til å utvikle framtidas løysingar for eksisterande bygg, kan dette vere rett plass for deg.
Arbeidsoppgåver
Som seksjonsleiar får du leie eit fagmiljø kor innovasjon og utvikling av byggenæringa i regionen er i fokus. Dette inneber å leie og koordinere gjennomføringa av dei vedtekne byggeprosjekta.
Du vil få personalansvar for prosjektleiarane som er knytt til utbyggingsseksjonen og vil sjølv kunne fungere som prosjektleiar for enkelte prosjekt. Til stillinga ligg også SHA-ansvar ihht Byggherreforskrifta.
Arbeidssted vil være Molde, men det kan gjerast avtale om at 1-2 dagar per veke kan avviklast på ein av våre lokaliteta i Ålesund (NMK) eller Kristiansund (campus).
Kvalifikasjonar
- har relevant høgare utdanning på masternivå, til dømes sivilingeniør. Ein kombinasjon av relevant erfaring og utdanning på bachelornivå kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå.
- har relevant erfaring knytt til leiing av personell og prosjekt
- er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
- har god erfaring med bruk av digitale verktøy
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- arbeider systematisk og grundig
- har gode samarbeidseigenskaper
- har fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov
- liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig og utviklingsorientert
Vi tilbyr
- ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Bokmål
- Digitale ferdigheter
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og
utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit
samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 49A, 6412 Molde
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ledelse, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447535206
- Sist endret
