ID 2412 Driftsoperatør elektro - Eining for tekniske tenester
Stord kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Tekniske tenester er ei eining i Stord kommune som er lokalisert på Rundehaugen 45, på Heiane. Eininga har totalansvaret for utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg, anlegg og veg. Stillinga vil for tida ha sitt daglege arbeid på alle kommunale bygg og anlegg.
Det er ledig ein fast 100% stilling som driftsoperatør elektro.
Stillinga er ledig frå snarast. Det kan bli aktuelt at stillinga inngår i vaktordning på kommunale bygg.
Ønska kvalifikasjonar:
-
Serviceinnstilt
-
Fagbrev innan fagområdet elektro
-
Førarkort kl. B
-
Det er ønskeleg med erfaring frå drift og vedlikehald av bygningar.
Personlege kvalifikasjonar:
-
Kan arbeida og avklara arbeidsoppgåver sjølvstendig
-
Vektlegg å få til eit godt og trygt arbeidsmiljø
-
Er kostnadsmedviten og ynskjer å stå på for arbeidsplassen sin
-
Er fagleg flink og har interesse av å utvikla seg innan arbeidsfeltet
-
Har gode samarbeidsevner
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Medlemskap i Stord ve og vel, med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, hytte på Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare informasjon om stillinga kan de få ved å kontakta avdelingsleiar, Tekniske tenester Leif Rune Gravdal, 975 52 020
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447521855
- Sist endret