Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta
Sveio kommune
- Frist 12.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du helsefagarbeidar og lurer på om heimetenesta i Sveio kan væra noko for deg?
Blir du motivert av varierte arbeidsoppgåver, spennande kvardagar og trivs du med å utfordre deg sjølv og ofte lære noko nytt?
Då kan du få bli ein del av ei arbeidsgruppe som brenn for å sjå den enkelte pasient. Me søker etter deg som ønsker å bety ein forskjell i andre menneskers liv, og som har høg yrkesstolthet og jobbar etter kvardagsrehabiliteringsprinsipper, men som også er bevisste på å gi mennesker ein verdig slutt på livet.
I tillegg til ein kjempekjekk arbeidskvardag får du dei kuleste kollegaene med det beste humøret på Haugalandet! Vi er kjente for å ha det kjekt på jobb. Kose oss når vi har mulighet, men også å stekke oss langt for å hjelpe hverandre når det trengs.
Vi har ledig vikariat i 100% frå dags dato tom 15.08.27.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling
- Pådrivar for å legge til rette og bidra til at brukerane skal oppleva tryggleik og meistring
- Gje heilskapleg omsorg, inkludert personleg hygiene, påkledning, forflytting og trening.
- Iverksetje førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde.
- Planleggje og gjennomføre miljøretta tiltak og aktivitetar for å fremje pasienten si meistringskjensle og livskvalitet.
- Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold om pasienten og kva helsehjelp som blir gitt.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Erfaring frå arbeid i heimetenesta er ønskjeleg
- Tilfredsstillande politiattest, etter gjeldande lovverk
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune
- Du snakker, leser og skriv så godt at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeids oppgåvene dine sjølvstendig
Personlege eigenskapar
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Lojal, punktlig og pliktoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Du har gode holdningar og verdiar som set pasientane i fokus
- Fleksibel og løysningsorientert
- Ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elevar og studentar
Vi tilbyr
- Faste fagdagar og fagmøter
- Årsturnus over 52 veker med planlagt ferie, høytid og helgearbeid
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Mulighet for vidareutdanning
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Kommunale bilar
- Bedriftshelsetjeneste
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447506642
- Sist endret
