Sommarvikariat - pleieassistentar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen HF,
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Sommarvikariat for studentar i helsefag
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar kvar dag for å fremje helse og livskvalitet – og i sommar treng vi dyktige og engasjerte medarbeidarar til fleire av våre somatiske einingar.
Arbeidsperiode
Du må kunne jobbe i perioden veke 25–33 (34).
Søkarar som kan arbeide sammanhengande i minimum 6–8 veker vil bli prioritert.
Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:
- Medisinsk klinikk: Dialysen, Medisin 1 nord, Medisin 1 vest, Medisin 5 vest
- Kirurgisk klinikk: Gastrokirurgisk avdeling - Post 1 og Post 3,
- Kreftklinikken
- Hjarteavdelinga: Post 1s/2v, Post 4
- Klinikk for hovud/hals: Hovud/hals og auge sengepost, Kjevekirurgisk poliklinikk
- Ortopedisk klinikk: OT syd, OT vest, OT infeksjon
- Mottaksklinikken
- Bemanningssenteret
🔎 Vil du vite meir?
Du kan lese meir om dei ulike avdelingane ved å klikke på avdelingsnamna på vår nettside:
👉 www.helse-bergen.no/avdelingar www.helse-bergen.no/avdelingar
Arbeidsoppgåver
Som sommarvikar hos oss vil du få ein viktig rolle i avdelinga. Arbeidsoppgåvene dine vil blant anna vere å:
- Delta aktivt i den daglege drifta på avdelinga
- Bidra i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar og pårørande eit trygt og godt opphald
- Utføre pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar og faglege retningslinjer
Kvalifikasjonar
Du må:
- Vere under helsefagleg utdanning
- Ha relevant pleieerfaring – erfaring frå sjukehus er ein fordel
- Ha minimum 400 timar pleieerfaring for arbeid ved somatiske einingar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er opptatt av å gi pasientane tryggleik, god pleie, respekt og omsorg
- Har ein solid arbeidsmoral og er fagleg engasjert
- Bidreg positivt i arbeidsmiljøet med samarbeidsevner og godt humør
- Er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr deg:
- God introduksjon og opplæringsdagar, slik at du får ei trygg og god start i avdelinga
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, +47 92292668Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5068917819
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447401398
- Sist endret
