Rekneskapssjef
HMR Group AS
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ei nøkkelrolle i eit konsern med solide røter og spennande utviklingsmoglegheiter?
Vil du ha ei nøkkelrolle i eit konsern med solide røter og spennande utviklingsmoglegheiter?
HMR Group AS søkjer ein erfaren rekneskapssjef som ønskjer å kombinere operativt ansvar med strategisk utviklingsarbeid. Du blir ein sentral ressurs i konsernet og får høve til å påverke både prosessar og resultat. Bakgrunnen for rekrutteringa er at vår noverande rekneskapssjef ønskjer å pensjonere seg. Vi ser derfor etter ein dyktig og engasjert person som kan ta over ansvaret og bidra til vidare utvikling av økonomifunksjonen i konsernet.
OM STILLINGA
Som rekneskapssjef får du ansvar for dagleg rekneskapsarbeid i avdelinga, og vil vere rådgivar for leiinga i økonomiske spørsmål. Du rapporterer direkte til styreleiar og blir ein viktig bidragsytar i vidare utvikling av gode rutinar og prosessar.
ARBEIDSOPPGÅVER
Rekneskap A–Å, inkludert konsernrekneskap
Avstemmingar, månads- og årsavslutning
Utarbeiding av årsrekneskap og rapportering
Kvalitetskontroll og finansiell analyse
Rådgiving til konsernleiing og dotterselskap
Saksforberedelse og presentasjon til styret
Forbetring og utvikling av rutinar og prosessar
KVALIFIKASJONAR
Bachelorgrad i økonomi/rekneskap (ønskeleg)
Minimum 5 års relevant erfaring frå rekneskap og/eller revisjon
God heilskapsforståing innan økonomi og rekneskap
Flytande norsk, både munnleg og skriftleg
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
Strukturert og nøyaktig
Gode samarbeidsevner og kommunikasjon
Handlekraftig og løysingsorientert
VI TILBYR
Ei sentral rolle i eit konsern med solid økonomi og spennande vekstplanar
Tett samarbeid med leiinga og høve til å påverke strategiske prosessar
Fleksitid og konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Moderne kontorlokale på Husnes, midt i vakre Hardanger
ARBEIDSSTAD: Husnes
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
HMR Group AS er morselskapet for HMR-konsernet, som består av 5 selskap, med hovudkontor på Husnes. Våre kjerneområde er innan prosessindustri, maritim sektor, vasskraft og olje- og gassnæringa. Vi har 70 år stolt historie som leverandør til inn- og utland. I 2024 hadde konsernet ein omsetnad på 370 mill. kroner. For meir informasjon sjå: www.hmr.no.
- Sektor: Privat
- Sted: PRESTNESVEGEN 68, 5450 Sunde i Sunnhordland
- Bransje: Industri og produksjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Økonomistyring og budsjettering, Regnskap
Nøkkelord
regnskapssjef, regnskapsfører, økonomisjef, konsernregnskapssjef, økonomileder
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447398185
- Sist endret

