Skipsfører til vikariat Langevåg-Buavåg, sjøvakt 1-2
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 6.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Fjord1 søker skipsførar til MF Bømlafjord.
Stillinga er eit vikariat med varigheit på seks månader fra 01.03.2026, og ein går turnus med ei veke på og to veker av. Dette er ei god moglegheit til å byggje verdifull leiarerfaring som skipsførar.
I rolla som skipsførar får du ei sentral leiarrolle der du har ansvar for trygg og effektiv drift av sambandet. Du blir ein viktig bidragsytar til gode opplevingar for både passasjerar og mannskap, og samarbeider tett med kollegaer både om bord og på land for å sikre ei stabil og velfungerande ferjedrift.
Som ein av dei leiande aktørane innan miljøvenleg sjøtransport satsar Fjord1 tungt på framtidsretta teknologi, og MF Bømlafjord er eit godt døme på denne satsinga. Ferja, som blei bygd i 2020, er stillegåande og energieffektiv og representerer framtida for berekraftig transport på fjorden.
Arbeidsgjevar dekkjer reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette.
Arbeidsoppgåver
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette inneber mellom anna:
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein motivert og ansvarsvillig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Sjøvakt: 1 veker på og 2 veker av
- Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5550 Buavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5068808875
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447391709
- Sist endret
