Helsesekretær - vikariat
Merkantile tjenester somatikk Stord sjukehus
- Frist 4.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Likar du å hjelpe andre og har eit smil på lur? Då kan du vere den vi leitar etter?
Som tilsett hos oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad. Vi ser etter deg som bidrar positivt og møter pasientar og kollegaer med openheit og hjelpsamheit. Du vil vere ein viktig støttespelar i ein hektisk kvardag.
Vi er omlag 20 kollegaer som sørgjer for at alt det administrative går på skinner i klinikken. Her jobbar vi med alt frå henvisningar, skanning og arkiv til sentralbord og resepsjon. Vi er ei viktig støttefunksjon for gode og trygge pasientforløp.
No har vi eitt ledig vikariat som er knytt til sengepost og poliklinikk. Her får du ein variert arbeidsdag med mange ulike oppgåver.
Er dette deg? Då vil vi gjerne ha deg med på laget! 👉Søk no
Oppstart etter avtale med varighet til og med 31.12.2026
Kva gjer ein helsesekretær hos oss?
- Arbeidar på sengepost og i poliklinikk etter oppsett rotasjon
- Svarer på henvendingar frå pasientar og pårørande både på telefon og ved fysisk oppmøte
- Utføre bestillingar, til dømes blodprøvar, tolk og transport
- Følgje opp vidare pasientforløp
- Arbeid med timeoppsett, ventelister, fristbrudd og økonomisk oppgjer
- Registreringsarbeid i ulike digitale system som DIPS, Meona, CheckWare
- Skrive epikrisar
- Kontroll og etterarbeid
- Oppgåver på delegasjon og etter behov i avdelinga
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Stillingane krev helsefaglig kompetanse
- Det er ein fordel med utdanning som helsesekretær med autorisasjon, medisinsk sekretær eller anna helsefaglig utdanning
- Erfaring frå arbeid i sjukehus vert vektlagt, men er ikkje avgjerande då opplæring vil bli gitt
- Det er ynskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter ein kollega som:
- Trivst med å ta ansvar.
- Er sjølvstendig, men men likar å samarbeide med kollegaer.
- Tek initiativ, jobbar strukturert og er ein påliteleg kollega som følgjer opp det du lovar.
- Når det er travelt, ser du heilskapen og finn gode løysingar saman med kollega.
- Er utadvent, har godt humør og er raus i møte med både pasienter og kollegaer.
- Har interesse for digitale system og er ein pådrivar for nye digitale løysingar.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- god opplæring i datasystem og arbeidsoppgåvene som er knytt til stillinga
- ein spennande og utfordrande jobb i eit godt fagmiljø
- kollegaer som ser og tek vare på kvarandre i ein hektisk kvardag.
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- faglig utvikling gjennom digitale kompetanseplanar, fagdagar og kurs.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Siw Kristin Vad Haraldsen, Konstituert funksjonsleiar, 45423946, siw.kristin.vad.haraldsen@helse-fonna.noElisabeth Sortland, Avdelingsleiar, +47 91801476, elisabeth.sortland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5067812853
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447383767
- Sist endret
