Sjukepleiar
Gastroenterologisk poliklinikk Haugesund sjukehus
- Frist 5.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Sjukepleiar med sans for fag, kvalitet og gode pasientmøte?
Vi søkjer ein positiv, fagleg sterk og engasjert sjukepleiar til teamet vårt. Hos oss utgreier og behandlar vi pasientar med sjukdomar i fordøyingssystemet gjennom endoskopiske prosedyrar og poliklinisk oppfølging. Her blir du ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø der vi legg stor vekt på kvalitet i arbeidet og gode opplevingar – både for pasientar og medarbeidarar.
Vi ønskjer oss ein kollega som tek initiativ, trivst med nye utfordringar og bidreg aktivt i eit tverrfagleg samarbeid. I kvardagen vil du møte varierte arbeidsoppgåver og mange spennande pasientsituasjonar som gir rom for både fagleg utvikling og personleg vekst.
På Gastromedisinsk poliklinikk jobbar vi saman for å finne gode løysingar og skape ein trygg og effektiv pasientflyt. Vi er opptekne av å sjå kvarandre, stille opp når det trengst og bidra til eit arbeidsmiljø prega av støtte, læring og gode møte.
Kjenner du deg igjen i dette, og ønskjer å vere del av eit miljø som er oppteken av kvalitet og utvikling? 👉 Då håpar vi du søkjer.
Kva går jobben ut på?
- Sykepleieroppgaver knytta til poliklinisk virksomhet
- Pasientforberedelse, mottak og oppfølging
- Assistanse ved endoskopiske prosedyrer (opplæring gis ved behov)
- Samarbeid med legar og øvrig helsepersonell
- Bidra til fagutvikling og kvalitetsforbedring
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Gode tekniske og systematiske ferdigheiter og grunnleggande datakunnskaper.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- møter både pasientar og kollegaer med rausheit, godt humør og respekt
- samarbeidar godt med kollegaene dine
- jobbar strukturert og systematisk
- tek initiativ og ser kva som må gjerast
- held roen når tempoet aukar, og klarer å prioritere det viktigaste her og no
- er nysgjerrig og er glad i å lære noko nytt
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ein spennande arbeidskvardag.
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap.
- Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
- Høve til å påverke og vere med i ei utvikling vi er stolte av å vere i gang med.
- Moglegheit for fagleg utvikling gjennom kurs og fagdager.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ida Dankel Seim, Funksjonsleiar, 95554638, ida.dankel.seim@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5064931516
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 05.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447375349
- Sist endret
