Ferievikar som trivselsmedarbeidar for deg mellom 15-17 år
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
- Frist 1.5.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vi søkjer etter deg som er mellom 15 og 17 år og har lyst på ein meiningsfull sommarjobb. Tenesteområde Omsorg og sjukeheim har behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheimsavdelingane i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord, i tillegg til bufellesskapa ved Vartdal og Hjørundfjord.
Å jobbe som trivselsmedarbeider kan føre til at du kan få meir jobb hjå oss etterkvart.
Skriv litt om deg sjølv, når du kan jobbe og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver
- Dekke bord og førebu måltida
- Hjelpe til å servere ved måltida - rydde opp etter måltida.
- Bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
- Delta på ulike aktivitetar sama med bebuarar og tilsette slik at vi kan gi ein aktiv og meiningsfylt kvardag
- Andre praktiske oppgåver som til dømes rydding av rom, fylle i skap, skifte på senger og enkle reinhaldsoppgåver
Som trivselsmedarbeidar skal du ikkje delta i oppgåver som stell, toalettbesøk og mating
Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus der det er høve til å arbeide dag/kveld og helg.
Kvalifikasjonar
Til desse stillingane ynskjer vi personar mellom 15-17 år som snakkar flytande norsk. (ein kan søkje same året som ein fyller 15 år)Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
- Ta ansvar
- Møte presis
- Ha gode samarbeidevner og gode haldningar
- Vere god til å kommunisere med andre
- Trivast saman med eldre
- Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Ørsta kommune sine verdiar; TILLIT - ENERGI - LØYSINGSVILJE - UTVIKLING.
Vi tilbyr
Som fereivikar hjå oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar. Du får møte mange nye mennesker og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Rakel Birkeli, avdelingsleiar Korttidsavdlinga, 480 70 965, rakel.birkeli@orsta.kommune.noLisa Mari Korsfur Silseth, Avdelingsleiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Arja Hietanen, Avdelingsleiar Bakketun, 481 23 801, arja.hietanen@orsta.kommune.no
Grete Hagen Myklebust, Avdelingsleiar Solkroken, 479 06 593, grete.hagen.myklebust@orsta.kommune.no
Nina Måseidvåg, Avdelingsleiar Hjørundfjordheimen, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Sara Vartdal Vinjevoll, Avdelingsleiar Vartdal helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5063635008
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447357519
- Sist endret


