Ferievikarar - Fusa bu- og behandlingssenter
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ferievikarar - Fusa bu- og behandlingssenter
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis? Kan ferievikariat i Heimetenester Eikelandsosen vera noko for deg?
Vi ser etter deg som er glad i menneske, løysingsorientert, pliktoppfyllande og arbeidsam. Det er ønskeleg med erfaring frå helse- og omsorgsarbeid for å vere ferievikar hos oss. Du kan vere ung, vaksen eller godt vaksen. Personlege eigenskapar og innstillinga di er viktig for oss, og du vil få opplæring.
Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden juni - august (veke 23-25). Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe og kva avdelingar. Vikarar som kan jobbe samanhengande i minst 5 veker, og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert.
Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Arbeidsstad
Vi treng ferievikarar ved dei ulike avdelingaene ved FBBS som er:
- Miljøavdelinga
- Korttids- og rehabiliteringsavdelinga
- Buavdelinga
- Reinhald og vaskeri
- Kjøkken
Om du har spesielle ønskjer, er det fint om du spesifiserer det i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon, reinhald og måltid-/kjøkkenarbeid.
Kvalifikasjonar
- Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp
- Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja
- Studentar innan kokk og servitørfag er aktuelle til produksjonskjøkken / postkjøkken. Søkjarar med anna erfaring vil også bli vurderte
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja sommarjobb hos oss
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vi vil prioritere dei som er over 18 år, men alle vil bli vurdert
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Godt humør og har evne til å møte andre på ein respektfull måte
- Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
- Kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
- Du er fleksibel, lojal og pliktoppfyllande
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull sommarjobb i eit godt arbeidsmiljø med mange interessante og varierande oppgåver. Godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein moglegheit for å skaffa deg spennande praksis og yrkeserfaring.
- Løn etter gjeldande avtalar, studentavlønning for relevant utdanning
- Ekstra godtgjersle: Eininga kan tilby frivillig bonusavtale for sommarvikarar der det er aktuelt. Vilkår for bonusopptening er arbeid i 100% turnusstilling som sommarvikar i 5 samanhengande veker, med minimum 40 timar på helg. Storleik på bonus varierer med fagkompetanse og utgjer mellom kr. 10.000 og 30.000.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som blir kontakta og kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer fortløpande etterkvart som avdelingane er ferdig med å planlegge ferieavviklinga.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Helsevitenskap
- Pleie og omsorgsarbeid
- Rengjøring
- Restaurant (matlaging)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Kjøkken- og kantinemedarbeider
Nøkkelord
Sommer, Sommerjobb, Ferie, Ferievikar, Vikar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447349314
- Sist endret