På jakt etter ein spennande og utviklande helgejobb? Då er dette stillinga for deg! Bli pleieassistent på Ortopedisk avd
Ortopedisk avdeling HUS, Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk
- Frist 6.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ortopedisk avdeling har ledig 15% faste stillingar for pleieassistent med arbeid på helg.
Ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus består av sengepostane OT øst, OT syd, OT vest og OT infeksjon, og har totalt 51 sengeplassar. Vi behandlar eit breidt spekter av ortopediske skader og infeksjonar, og har både planlagt og akutt drift. Sengepostane har eit tett samarbeid og ein må rekne med arbeid på alle sengepostane.
Stillingane vil bli ledige utover våren og det er oppstart etter avtale
Arbeidsoppgåver
Som pleieassistent hos oss får du arbeide med fleire spennande pasientgrupper og arbeidsoppgåver; kan nemne m.a.:
- Mottak, oppfølging og observasjon av pasientar før og etter operasjon
- Bistå pasientane med daglege gjeremål og mobilisering
- Samarbeid med andre yrkesgrupper for å gi pasientane best mogleg opphald på avdelinga
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- Andre generelle arbeidsoppgåver i avdelinga kan også vere aktuelle
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med relevant erfaring frå sjukehus
- Bør ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system brukt i sjukehuset
- Må meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
- Krav om 400 timar pleieerfaring
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Du er målretta, og får oppgåvene gjort
- Du bidrar der det trengs
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du må kunne vere både driftig og audmjuk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Relevant opplæring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingrid Merete Hjelle, Avdelingssjef, +47 5597 3710Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5068635953
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 06.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447346607
- Sist endret
