Ordrebehandlar, lagermedarbeidar og sjåfør
Encon
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
ENCON SØKER SOMMARVIKARAR
Sommarjobbar hos Encon, på Voss
Me har fleire ledige sommarjobbar hos Encon på Voss.
Encon er ein fullsortimentsgrossist som leverer varer til kundar over heile Vestlandet og Hallingdal. Verksemda held til på Dalsmoen på Voss.
Encon har høgsesong frå mai til september, og dette er perioden der behovet for arbeidskraft er størst.
Difor søkjer me sommarvikarar som kan jobbe gjennom høgsesongperioden vår. Som sommarvikar skal du bidra til å styrka kapasiteten i dei ulike avdelingane, og vera tilgjengeleg når faste tilsette avviklar ferie.
Stillingane er 100 % i heile vikariatperioden.
Me søkjer sommarvikarar til følgjande avdelingar: transport, ordrekontor og lager.
Ordrebehandlar og support
(Sommarvikar mai til september)
Arbeidsoppgåver:
Ordrebehandling via telefon, e-post og web
Kundekontakt, support og handtering av ordreavvik
Administrativ støtte til andre avdelingar
Krav:
Norsk, skriftleg og munnleg
Lagermedarbeidar
(April/mai til september)
Arbeidsoppgåver:
Plukking av varer
Samanstilling av varer til kunde
Lagerreinhald og returlogistikk
Varepåfylling
Arbeid på fryse-, kjøle- og tørrvarelager
Krav:
Norsk er stor fordel då plukk blir lest opp på norsk. Norsk er ikkje eit direkte krav, men ein stor fordel. God engelsk munnleg er eit minimum.
Fordel med truckførarbevis
Distribusjonssjåfør
(Juni til september)
Arbeidsoppgåver:
Distribusjon av varer til kundar
Lasting og lossing
Encon sitt ansikt ut mot kunde
Krav:
Førarkort klasse C/CE med YSK
Norsk eller engelsk, munnleg
Personlege eigenskaper til alle stillingane:
Serviceinnstilt
Nøyaktig
Ser verdien av lagarbeid
Ansvarsfull og gjennomføringssterk
Kontaktpersonar:
Lager: Kevin – 412 32 636
Ordre: Trond – 982 88 652
Sjåfør: Jarle – 901 86 926
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Encon er eit fullsortiment grossistselskap som forsyn eit bredt spekter av kundar. Sommaren er høgsesong, og me treng tilsette som vil bidra til kvalitet i alle ledd gjennom ein hektisk periode.
Encon distribuer ut varer på heile Vestlandet og Hallingdal.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 8
- Sted: Dalsmoen 5, 5709 Voss
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Butikk og varehandel, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Logistikk og lager, Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
sjåfør, kundeservice, lagerarbeid, transport, ordrekontor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447336761
- Sist endret
