Lærlingar i oppvekst
Aurland kommune
- Frist 16.3.2026
- Ansettelsesform Lærling
Me søker etter inntil tre lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget med oppstart i august 2026.
Som lærling hos oss får du ein variert og meiningsfull kvardag der du er tett på barn og unge i leik, læring og utvikling. Du vil lære korleis du kan støtte barn og unge med ulike føresetnader, og korleis du bidreg til tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen.
Læretida kan fordelast mellom barnehage, skule, skulefritidsordning (SFO) og fritidsklubb.
Her vil du få:
- praktisk opplæring i arbeidskvardagen
- tett rettleiing og oppfølging
- løn i heile læretida
Du vert tilsett mellombels i læretida, som er i to år. Du har dei same rettane og pliktene som andre tilsette. Etter fullført læretid går du opp til fagprøve. Bestått fagprøve gir fagbrev og yrkestittel som barne- og ungdomsarbeidar.
Dette er ei god moglegheit for deg som:
- likar å jobbe med menneske
- er ansvarleg, engasjert og lærevillig
- ynskjer ein praktisk og trygg veg inn i arbeidslivet
👉 Oppstart: august 2026
👉 Læretid: 2 år
Arbeids- og ansvarsområde
Barne- og ungdomsarbeidarfaget er samansett av tre hovudområder:
- Helsefremjande arbeid
Helsefremmende arbeid lærer deg om samanhengen mellom fysisk og psykisk helse, og aktivitetar for barn og unge.
- Kommunikasjon og samhandling
Under dette fagområdet vil du lære om korleis du kommuniserer og samhandlar med barn og unge.
- Yrkesutøving
I yrkesutøving er det fokus på utføringa av pedagogiske aktivitetar for barn og unge.
Moglege arbeidsoppgåver:
- Planlegge, leie, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar
- Legge til rette for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i funksjonsnivået og livssituasjonen til kvar enkelt
- Bruk av forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet
- Kommunikasjon og samarbeid med barn og unge, kollegaer, føresette og andre samarbeidspartar
- Grensesetjing, konfliktløysing og å vere ein tydeleg vaksenmodell
Me tilbyr
- God læringsarena i eit godt og inkluderande miljø
- Rettleiing og oppfølging
- Fagleg læring og vekst
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen (mellombels velferdstilbod)
- Gratis inngang til symjehallen (mellombels velferdstilbod)
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar- Du fullfører Vg1 helse- og oppvekstfag og Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget innan våren 2026.
- Har du annan relevant utdanning, kan du også søke – hugs å leggje ved dokumentasjon.
- Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (minimum nivå B2).
Personlege eigenskapar
Me vil vektlegge personlege eigenskapar, og ynskjer at du:
- er positiv, lærevillig og møter nye oppgåver med eit ope sinn
- samarbeider godt med andre og tek ansvar i kvardagen
- vil ta imot rettleiing og ynskjer å utvikle deg fagleg
- vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale i læretida
- god orden og åtferd
- eventuelt fråvær må vere dokumentert
- du må legge fram politiattest av nyare dato etter barnehagelova §30 og opplæringslova §17 før du kan byrje som lærling
Krav til språk
Det er ein føresetnad at du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
NB! Vi overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Når du søker må du laste opp / legge ved kompetansebevis VG1 og karakterutskrift VG 2, eller anna utdanning, samt aktuelle attestar. Dokumentasjon på eventuelt fråvær legg du også ved som vedlegg i søknaden.
Aktuelle søkarane blir invitert til intervju.
Me ynskjer deg velkomen som søkar til lærlingstilling i Aurland kommune.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447252409
- Sist endret

