Ønsker du å bidra til at fleire kjem i arbeid?
Rettleiar - Nav Bergen sentrum
- Frist 4.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønsker du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem seg i arbeid? Har du tru på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, kan vere i ordinært arbeid? Ønsker du å bidra til eit viktig samfunnsområde? Då kan dette vere jobben for deg, og vi har no 2 ledige stillingar ved Nav Bergen sentrum.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen, og er også bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel med ca. 85 000 innbyggarar. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar og har til saman rundt 300 tilsette, der 150 er statleg tilsette. Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom innsatsen og kompetansen vår skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
Vi ser etter deg som vil jobbe med oppfølging av brukarar. Kontoret har høge mål for kvalitet og resultat i oppfølgingsarbeidet og jobbar etter prinsippa om kontinuerlig forbetring for å gje brukarane våre moglegheiter.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av brukarar gjennom samtalar, dialogmøte og samarbeidsmøte
- Kartlegge og motivere for arbeid og aktivitet
- Sjå brukaren sin kompetanse og korleis ein kan kome raskt i jobb
- Digital kommunikasjon med brukar
- Saksbehandling etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
- Vere i tett dialog med arbeidsgivar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar
Det kan bli noko endringar i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar
Du må ha
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant arbeidserfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring frå å jobbe i direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- Rettleiingskompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Digital kompetanse som gjer at du kjem raskt i gang med nye digitale system
Det er ein fordel om du også har
- Erfaring med eller kunnskap om arbeidsmarknaden og tilrettelegging på arbeidsplassen
- Erfaring frå rettleiing der du har kartlagt behov eller bistått i prosess mot ny jobb
Vi ser etter deg som
- Er god til å bygge relasjonar, motivere og inspirere
- Har analytiske evner og kan jobbe sjølvstendig og i team
- Arbeider systematisk, har god arbeidskapasitet og klarer å prioritere i en hektisk kvardag
- Fleksibel og løysingsorientert
- Er omgjengeleg og samarbeidsorientert
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylde arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Eit godt arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- Opplæring innan relevante felt og gode høve til utvikling
- Fleksitidsordning, trening i arbeidstid og mogleigheit for hybrid arbeidskvardag
- Lønn i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr. 622 000 - kr. 660 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Anne Haugsvær, Avdelingsleiar, 926 52 713, anne.may.haugsver@nav.noHåvard Berentsen, Avdelingsleiar, 920 26 923, havard.berentsen@nav.no
Arbeidsstad
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 4993321437
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447222528
- Sist endret

