Sommarjobb Habiliteringstenesta
Bømlo kommune
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Har du lyst på ein spanande og variert sommarjobb innafor helse og omsorg? Då er dette jobben for deg!
Me har behov for engasjerte ferievikarar i perioden 15.06.2025 - 16.08.2025 ved Habiliteringstenesta på Bømlo. Det er spesielt viktig for oss om du har høve til å jobbe i juli månad. Sommarjobben inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og helg. Me har mange ulike arbeidstidsordningar med utstrakt bruk av lange vakter opptil 12,5 timar.
Me vurdera søknadar fortløpande. Som sommarvikar kan du få utbetalt bonus. Les meir om bonusordninga under.
Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.
Arbeidsoppgåver og litt om oss
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjev tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me utgjer 126 årsverk som yt heildøgns tenester i 11 avdelingar.
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på ein av avdelingane våre i Habiliteringstenesta. Oppgåver vil vere blant anna å yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla, leggje til rette for god omsorg og utvikling for brukaren og andre praktiske oppgåver. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.
Kvalifikasjonar
For sommarjobb i Habiliteringstenesta må du ha fylt 18 år.
Me søkjer:
- Deg som studera vernepleie/sjukepleie.
- Deg som studera relevant helsefagleg utdanning som t.d. sosialfag og pedagogikk.
- Deg som har anna relevant utdanning eller erfaring frå liknande arbeid.
- Deg som har interesse for og kunnskap om miljøarbeid, pleie og omsorg men som manglar erfaring og/eller utdanning.
- Sertifikat kl. B er ein fordel.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Søkjarar som kan jobbe heile perioden på 6 veker eller meir vil bli prioritert.
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Me tilbyr
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein samanhengande periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon.
Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Frode, eller avdelingsleiarar , Sandra, Line, Hilde, Karina, Tone Linn og Line.
Kontaktinformasjon
Frode Bratten, Verksemdsleiar Habilitering, 900 12 842Hilde Mæland, Avdelingsleiar, 950 25 220
Karina Torkelsen Solli, Avdelingsleiar, 913 10 537
Line H. Stavland, Avdelingsleiar , 482 76 521
Sandra Hastrup Thorsheim, Avdelingsleiar, 410 00 113
Tone Linn Hovland Meling, Avdelingsleiar , 482 85 897
Line Skrede Habbestad, Avdelingsleiar, 948 10 927
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5062391571
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447208215
- Sist endret

