Ferievikarar 2026 - Eining for habilitering/rehabilitering
Habilitering rehabilitering, Stranda kommune
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Eining for habilitering/rehabilitering søkjer ferievikarar sommaren 2026
Tida for hovudferien er 22.06.2026 - 16.08.2026
Dei som kan arbeide heile perioden evt lange samanhengande periodar vil bli prioriterte. I søknaden må du gi opp kva periode/periodar du kan jobbe.
Ferievikarane må arbeide etter den til ei kvar tid gjeldande turnus i den basen dei får jobb.
- Arbeid i ordinær turnus på dag/kveld og helg
- Egne nattevakter
Dei som blir tilsett må forevise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Spanande og meiningsfylt arbeid med turnusarbeid dag/kveld/helg
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i direkte møte med menneske
- Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje stilt konkrete kompetansekrav til ferievikarar. Vi oppmodar både dei som er under helsefagleg utdanning og dei som ynskjer å bli kjent med eit nytt yrke om å søkje
- Gjerne erfaring frå liknande arbeid
- Det er ein fordel å ha førarkort
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Interesse for å jobbe med menneske og gjer ein forskjell i kvardagen for nokon
- Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov
Vi tilbyr
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Arbeidet passer veldig godt for personar som liker fysisk aktivitet og turar.
- God opplæring.
- Triveleg arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Stine Fjørstad, Fagleiar, 93474099Espen furset, Fagleiar, 46411075
Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059
Arbeidsstad
Kyrkjegata 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5068096194
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447182005
- Sist endret

