Lærlingar Elektrikar
Ulstein Elektro Installasjon AS
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Lærling
Klar for ei maritim karriere? Vi søkjer Lærlingar Elektrikar
Ynskjer du å starte ei spanande maritim karriere med Ulstein Elektro Installasjon?
I Ulstein vil du bli ein av del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi arbeidar saman for å oppnå felles mål. Vi legg stor vekt på trivsel og personleg utvikling, og du vil få støtte og rettleiing frå erfarne kollegaer gjennom heile lærlingperioda slik du får ei solid kompetanse i ditt fagfelt.
Kandidatar blir vurderte fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter kandidatar innan Elektrikarfaget. Med oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og erfarne leiarar vil fylgje opplæringa di fram til bestått fagbrev. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og kan blant anna vere:
- Varierande installasjonsarbeid om bord på skip
- Reparasjon og vedlikehald
- Dokumentasjon av arbeid og avvik
Kvalifikasjonar
- Fullført VG2
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein lærling som er initiativrik og tek ansvar for eiga læring og utvikling. Du bør ha ei fagleg interesse, og vere nysgjerrig på å lære nye ting. I tillegg vil samarbeidsevner vere viktig, ettersom du vil arbeide tett i lag med fagarbeidarar og andre lærlingar for å løyse oppgåver. Ei god HMS-haldning er essensiell for å sikre ein trygg arbeidsplass for deg sjølv og dine kollegaer.
Vi tilbyr
Hjå oss vil du oppleve eit godt lærling- og arbeidsmiljø der trivsel og utvikling står i fokus. Vi tilbyr fleksitidsordningar som gir deg moglegheit til å balansere arbeid og fritid. Gjennom heile året arrangerer vi ulike velferdsaktivitetar som bidreg til eit godt sosialt fellesskap og styrkar samhaldet blant våre tilsette. Blant anna arrangerer vi sportslege aktivitetar som fjelltur eller volleyballturneringar, sommarfest, julebord eller turar i nærområdet.
Det er gode moglegheiter for vidare arbeid etter fullført læretid.
Les meir her: Lærling i Ulstein | Ulstein
FerdigheterAI-generert
- Nyinstallasjon og vedlikehold på elektro
- Reparasjon
- Servicearbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 5
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Elektriker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Apprentice, Electrician, Electro, Shipbuilding
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447079091
- Sist endret
